Olav Tryggvason

The harbour area of the royal residence. Bottom left; the reef "Skrattaskjær" where king Olaf Tryggvason let drown a flock of wizards. (Photo KIB media)

Kongsgarden sitt hamneområde. Nede til venstre ser du Skrattaskjær der Olav Tryggvason drukna ein flokk med seidmenn. (Ill. KIB Media)

Tekst Marit Synnøve Vea

(Óláfr Tryggvason) (968 ? – 1000). Konge i Noreg frå ca 995 – 1000
Olav Tryggvason var sonesonsson til Harald Hårfagre. Faren var Tryggve Olavsson, ein småkonge frå Viken, men alt då Olav levde, stilte folk spørsmål ved farsskapet. Mora var Astrid frå Obrestad på Jæren.

Olav vaks opp hos den russiske kongen, drog på vikingtokter, blei kristen og avslutta livet sitt som konge i Noreg. Av si eiga samtid blei Olav sett på som ein stor helt.

Olav den beste i alle idrettar
Olav Tryggvasons saga fortel slik om Olav:
«Kong Olav var den beste i alle slags idretter av alle de menn det er fortalt om i Norge; han var sterkere enn noen annen mann, og det er skrevet frasagn om det….

Kong Olav kunne gå på årene utabords mens mennene hans rodde på Ormen. (….) Kong Olav var glad i moro og likte godt leik, han var blid og liketil; han dreiv hardt med alle ting, og var rent storveis til å gi bort, han var svært nøye på klærne; han var foran alle andre menn når det gjaldt å være djerv i kamp; stygg og grusom som få når han ble sint, og pinte uvennene sine fælt. (.…) Derfor var vennene hans glade i ham, men uvennene var redd ham.»

The first church at Avaldsnes was probably built in the middle of a circuit of five huge, standing stones. (ill. Steinar Iversen)


Etter tradisjonen skal det vera Olav Tryygvason som bygde den første kyrkja på Avaldsnes. Denne kyrkja bygde han inne i den heidenske kultstaden av tre eller fem kjempesteinar. På det viset vigsla han den gamle kultstaden til Kvitekrist. Bildet viser korleis kyrkja kan ha sett ut mellom kjempesteinane. (Ill. Steinar Iversen)

Olav sin barndom: Frå trældom til det russiske kongehuset
Sagaen fortel ei eventyraktig historie om Olav sine første barneår. Håkon den gode hadde sett Tryggve Olavsson til å styra i Viken. Trygve blir drepen av ein slektning, og kona Astrid må flykta med Olav fordi Gunnhild, enka etter Eirik Blodøks, vil ha tak i guten som då er tre år gammal.

Under flukta blir Olav røva frå mor si av estiske sjørøvarar. Desse sjørøvarane sel Olav til ein estisk bonde, og han veks opp som træl til han er 9 år gammal. Då blir han funnen av ein morbror som kjøper han fri.

Olav gifter seg med kongsdottera Geira av Vendland
Etter dette bur Olav hos den russiske kongen til han er 18 år gamal. Då gifter han seg med Geira, dotter av kong Burislav av Vendland. Sagaen fortel at dei elska kvarandre svært høgt. Etter tre år døyr Geira. Olav sørgjer svært og vil ikkje vera i landet lenger .

Olav dreg i viking
Olav dreg nå ut på vikingferder og vinn seg eit stort gjetord. Han dreg på tokt til blant anna Frisland og Saksland, England og Suderøyane, Man og Irland. Han herjar hardt og vinn seg store rikdommar.

Olav er truleg den kong Anlaf som angelsaksiske krøniker seier gjekk til åtak på London saman med danskekongen Svein Tjugeskjegg. Anlaf/Olaf og Svein fekk 16.000 pund av engelskmennene for å halda fred. Seinare skifter Olav side og går i den engelske kongen si teneste.

Olav blir kristen og let seg døypa
I England møter Olav ein kristen munk som kan spå om framtida, og Olav let seg kristna. Han siglar så til Noreg med fem langskip for å la seg hylla til konge. I 995 kjem han fram til norskekysten. Han går først i land på Moster i Sunnhordland. Her byggjer Olav for fyrste gong ei kyrkje i Noreg.

Olav dreg rundt i landet for å la seg hylla som konge
Olav dreg opp til Trøndelag der han drep Erlend, son til Håkon jarl. Etter dette blir han «tatt til konge” på tinget i Trondheim. Der blir det sagt at ”Han skal ha landet slik som Harald Hårfagre hadde hatt det”.

På Vestlandet inngår Olav forlik med bøndene. Det inneber blant anna at bøndene let seg kristna. Her gifter Olav bort Astrid, syster si, til den mektige hovdingen Erling Skjalgsson av Sola.

"The King's Heights". The site for the old thing at Avaldsnes where king Olav Tryggvason is supposed to have christianised the first people of Rogaland county. (Photo Ørjan Iversen)

Høgdedraget Kongshaugen. Kongsgarden sin tingstad. Her skal Olav Tryggvason ha kristna dei første rogalendingane. (Foto Ørjan Iversen)

Olav Tryggvason skal ha kristna dei første rogalendingane på Kongshaugen/Dåpshaugen
Det blir sagt at Kongshaugen på Avaldsnes har fått namnet sitt fordi kong Augvald skal vera gravlagd på dette høgdedraget. Høgdedraget blir også kalla Dåpshaugen.

Etter lokal tradisjon og segner skal Olav Tryggvason ha kristna dei første rogalendingane her på Kongshaugen. Dette skal opphavleg ha vore kongsgarden sin tingstad, men etter Olav si dåpshandling, blei høgdedraget også kalla Dåpshaugen.

Kongshaugen – Dåpshaugen
Kongshaugen er fra naturens side en svær jordbakke like ved Avaldsnes kirke og prestegård. Det kan imidlertid se ut som om noen på et eller annet tidspunkt har jevnet ut toppen av haugen, slik at det oppstod et nokså stort, flatt platå. Rent topografisk inntar Kongshaugen en majestetisk posisjon i landskapet rundt ett av landets mest tettpakkede fornminneområder. Ikke så rent lite tradisjonsstoff på Karmøy er knyttet til Kongshaugen. Men hva er den egentlig – og er det noe arkeologi i eller på den?

Historisk sett, har det versert flere tolkninger av hvordan haugen fikk sitt navn. J. K. Christie skrev i 1842 en ”antiqvarisk- historisk Skitse af Augvaldsnæs” i det antikvariske tidsskriftet Urda. Han opplyser at Kongshaugen har et alternerende navn – Dåpshaugen. Christie mener at begge disse navnene viser at det var på dette stedet Olav Tryggvason holdt ting med rogalendingene da de tok imot kristendommen en gang i 990-årene… (Frå  Konghaugen på Avaldsnes, ”Arkeologi i nord, 2005” av fylkeskonservator Frans-Arne Stylegar)

I 2005/2006 blei det funne fleire gravanlegg på Kongshaugen, mellom anna ei uopna gravrøys frå jarnalder, ei båtgrav frå vikingtid og eit stort sirkulært gravanlegg, truleg frå yngre romartid der det i ettertid var sett inn ei kvinnegrav frå vikingtid, og i vikingtidsgrava låg det ei steinalderøks – ein tordenkile. Det blei også funne fleire busettingsspor på Kongshaugen.

Kristningskongen Olav Tryggvason
Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldson blir kalla kristningskongane i Noreg. Fleire gonger måtte Olav Tryggvason bryna seg med heidenske krefter på Avaldsnes.

Seidmennene på Skrattaskjær På Skrattaskjær let Olav Tryggvason drukne ein flokk med seidmenn som kom til Avaldsnes for å drepa kongen.( Ill: H. Egedius sin versjon av Seidmenenne med ramn)

Seidmennene på Skrattaskjær
På Skrattaskjær let Olav Tryggvason drukne ein flokk med seidmenn som kom til Avaldsnes for å drepa kongen.( Ill: H. Egedius sin versjon av Seidmenenne med ramn)

Seidmennene på Skrattaskjær
Ein gong kom eit fullasta langskip med seidmenn inn til Avaldsnes. Dei ville kasta trolldom over Olav fordi han kristna landet. Seidmennene mana fram ei tjukk, svart skodde slik at kongen ikkje kunne sjå dei. Men trolldommen slo attende på dei sjølve. Dei blei blinda av mørket, og vaktene til kongen kunne fanga dei.

Kongen let seidmennene setje ut på eit skjær i sjøen på Avaldsnes. Då sjøen flødde, drukna seidmennene. Sidan er dette skjæret blitt heitande Skrattaskjær . (Skratte = seidmann)

Historia om seidmennene som kom til Avaldsnes, finn vi i fleire av dei gamle kjeldene. Versjon frå Snorre si Heimskringla finn du her: SEIDMENNENE PÅ SKRATTASKJÆR 

Odin kjem til Olav Tryggvason på Avaldsnes
Ulike kjelder fortel også om den gongen Odin sjølv vitja Olav Tryggvason på Avaldsnes. Dette skal ha hendt ein julekveld i 997 eller 998. Her er den korte versjon slik vi finn den hos Snorre:

«Det blir fortalt at en gang kong Olav var i gjestebud på Avaldsnes, kom det en gammel mann til ham en kveld; han talte overmåte klokt for seg, hadde ei sid hette og var enøyd. Han visste å fortelle fra alle land. Han fikk tale med kongen; kongen syntes det var moro med fortellingene hans og spurte ham om mange ting, gjesten kunne svare på alt mulig, og kongen ble sittende lenge utover kvelden. Så spurte kongen om han visste hvem den Ogvald hadde vært, som neset og garden var oppkalt etter.

Gjesten sa at Ogvald hadde vært konge og en stor hærmann. Mest dyrket han ei ku, og hadde henne med seg overalt hvor han kom; han trodde det var helsebot å drikke mjølka hennes. Kong Ogvald sloss med en konge som het Varin, i den kampen falt kong Ogvald, og han ble hauglagt like ved garden, der ble satt bautasteiner, og de står her ennå. Kua ble hauglagt et annet sted ikke langt herfra.”

Dette og mye annet fortalte han om konger og gamle hendinger. Da de hadde sittet til langt på natt, minte biskopen kongen om at nå var det på tide å gå og legge seg, og så gjorde kongen det. Men da han hadde kledd av seg og lagt seg til sengs, satte gjesten seg på fottrinnet og snakket med kongen lenge ennå. Når et ord var sagt, stundet kongen etter neste. Da talte biskopen til kongen og sa at nå var det på tide å sove; og kongen gjorde så, og gjesten gikk ut.

Litt senere våknet kongen og spurte etter gjesten, bad folk kalle ham til seg, men gjesten var ikke å finne noen steder. Morgenen etter lot kongen kalle til seg kokken og han som stelte med drikken, og spurte om det var kommet noen fremmed mann til dem. De sa at da de skulle stelle til maten, kom det en mann og sa at det var fælt så dårlig slakt de kokte til kongens bord, og så gav han dem to digre feite oksesider, som de hadde kokt sammen med det andre kjøttet.

Da sa kongen at all denne maten skulle de ‘ødelegge, han sa at dette hadde nok ikke vært noe menneske, det måtte ha vært Odin, som hedenske folk hadde trodd på så lenge; han sa at Odin skulle ikke komme noen veg med å få sveket dem

Olav Tryggvason opnar gravhaugar på Avaldsnes
I sagamanuskriptet etter Odd Munk blir denne historia utdjupa. Her blir det fortalt at Olav Tryggvason om morgonen etter møtet gjekk ut og grov i nokre av gravhaugane på Avaldsnes. I ein av gravhaugane fann han mannebein etter kong Augvald, i den andre fann han kubein etter kong Augvald si heilage ku.

Plassering av Grønhaug i høve til kongsgarden på Avaldsnes. Grønhaug markert med raudt.

Plassering av Grønhaug i høve til kongsgarden på Avaldsnes. Grønhaug markert med raudt.

Gjorde Olav rituelt haugbrott i skipsgrava Grønhaug?
Ved Avaldsnes er det funne to skipsgraver. Ei av desse er Grønhaug. Då Grønhaug blei opna i 1902, viste det seg at haugen hadde vore utsett for haugbrott kort tid etter gravlegginga som var rundt 795. Nokon hadde freista å dra den døde ut av gravhaugen. Haugen er godt synleg frå kongsgarden på Avaldsnes, og ingen kunne ta seg inn i grava for å røva. Haugbrottet må derfor ha vore godkjent av kongemakta.

Gravskipet som skulle segla den døde fyrsten inn i den neste verda, var ca. 15m langt og 3m bredt. Fyrsten sjølv var plassert på dundyner midt i skipet, kledd i raude klesplagg, omgjeven av biletvev med figurar. Også engelske glasbeger vitna om høg status, men tradisjonelle maktsymbol som sverd og gullring, var borte frå grava. Enda til mesteparten av skjellettet var fjerna.

Kven hadde gått inn i haugen for å ta den døde ut av grava, – og kvifor? Var det eit nytt dynasti som skulle markera makt over tidlegare herskarar? Eller blei haugbrottet gjort for å ”kristna” ein død ættefar, parallelt med det som skjedde i Jellinge der den danske kristningskongen Harald Blåtann tok leivningane etter foreldra sine, Gorm og Tyra, ut av gravhaugane for å gravleggje dei under golvet i kyrkja si?

Eit vokslys, eit kristent teikn, som var sett inn i grava etter haugbrottet, kan tyde på det siste.

Då Olav Tryggvason blei konge, var det mange som tvilte på at han var av Hårfagreslekta. Kan det vera at Olav Tryggvason gjekk inn i gravhaugen og henta ut dei viktigaste herskarteikna og leivningane av den døde for å bevisa slektskapen med Harald?  (Sjå: Å rane de døde: Frans-Arne Stylegar, arkeologi i nord)

Ormen Lange
Olav Tryggvason bygde Ormen Lange, det mest sagnomsuste av alla skipa vi høyrer om i sagaen. Ideen om å byggja Ormen Lange fekk Olav i Hålogaland, der han tok eit uvanleg stort og flott skip frå Raud den Ramme etter å ha drepe eigaren. Det kan virke som det var i Nord- Norge desse kraftige storskip først blei utvikla.

Olav Tryggvason si saga fortel slik om Ormen Lange:
«Den vinteren etter at kong Olav var kommet fra Hålogaland, lot han bygge et stort skip inne under Ladehammeren; det var mye større enn noen av de andre skipene som fantes i landet den gang (…). Skipet var både langt og bredt, det var høyt opp til relinga og bygd av svært tømmer.(…)

Det var en drake, bygd slik som Ormen, som kongen hadde hatt med fra Hålogaland; men dette skipet var mye større og mer forseggjort på alle måter. Han kalte det Ormen Lange, det andre for Ormen Stutte. Det var 34 rom på Ormen Lange. Hodet og kroken var helt forgylte; og det var like høyt til relinga som et havskip. Det er det beste skip som har vært bygd i Norge og det som har kostet mest” (Olav Tryggvasons saga).

Sagaen omtalar Ormen Lange som eit stort drakeskip, der kvalitetane til eit havgåande seglskip blir kombinert med krigsskipet sitt behov for årer og roarar: ”..langt og bredt, det var høyt opp til relinga og bygd av svært tømmer.”

Det store, kraftige langskipet Ormen Lange var verken den raskaste seglaren eller det beste roskipet i kongen sin flåte. Likevel fortel sagaen at: «Det er det beste skip som har vært bygd i Norge og det som har kostet mest.«

Ut frå skildringane i sagaen verker det som Ormen Lange var ei busse, men i eit skaldekvad blir skipet også kalla for ei skeid.

Storleiken på Ormen Lange
Sagaen fortel at Ormen Lange hadde 34 rom, dvs. 68 halvrom/årer.

Om mannskapet seier Snorre at: «Det var åtte menn i hvert halvrom på Ormen, og de var valgt ut én etter én. 30 var i forrommet.» Om vi skal vi tru Snorre, så hadde Ormen Lange eit mannskap på 574 mann.

Ormen Lange skal ha vore mellom 47m – 48m langt. Nokre meiner enda til at skipet har vore opp til 57m langt, avhengig av kva slag alenmål som har vore brukt.

Erik sine menn entrar Ormen Lange.  Olav Tryggvasons saga. Ill. Halfdan Egedius

Erik sine menn entrar Ormen Lange. Olav Tryggvasons saga. Ill. Halfdan Egedius

Slaget  ved Svolder (år 1000)
Tyra, søster til danskekongen, flyktar til Olav frå ekteskapet med vendelkongen Borislav, Olav sin tidlegare svigerfar. Olav gifter seg så med Tyra. I år 1000 dreg Olav for å henta medgifta hennar hos Borislav. Dette går bra, og Olav seglar heimover. Han har ein flåte på 11 skip med seg. Ved Svolder blir Olav angripen av ein allianse mellom danskekongen Svein Tjugeskjegg, svenskekongen Olof Skötkonung og den norske ladejarlen Eirik Håkonsson. Denne alliansen rådde over 70 skip.

I Olav Tryggvasons saga kan me lesa:
«Da kong Olav så flokkene ordne seg, og merkene kom opp foran høvdingene, spurte han : ”Hvem er høvding for den hæren som er beint mot oss ?» De sa ham at der var kong Svein Tjugeskjegg med danehæren. Kongen svarte: ”De blautingene er jeg ikke redd for, det er ikke noe mot i danene.

Men hva er det for en høvding som følger merket der ute på høyre hand ?” De svarte at det var kong Olav med sveahæren. Kong Olav sa: ”Det var bedre for svearne om de satt hjemme og slikket blotbollene sine, enn at de går her mot Ormen under våpnene til dere.

Men hvem eier de store skipene som ligger der ute til babord for danene ?” ”Der,” sa de, ”der er Eirik Håkonsson jarl”. Da svarte kong Olav: ”Han synes vel han har god grunn til å møte oss, og der kan vi vente oss en kvass strid. De er nordmenn som vi sjølv”. SLAGET VED SVOLDER. OLAV TRYGGVASONS SAGA

Overlevde Olav Tryggvason slaget ved Svolder?
Olav måtte gi tapt for overmakta ved Svolder. Han blei såra og hoppa over bord med brynje på. Det var ei sjølvsagd ting at brynja ville trekkja han til botnars. Likevel byrja det gå rykter om at Olav hadde vrengt av seg ringbrynja og symt under vatn bort til eit ventande skip. Også Snorre nemner desse rykta.

Tormod Torfæus fortel at Olav drog til Roma og Jerusalem
I sitt verk Historia Rerum Norvegicarum fortel Tormod Torfæus om rytene som seier at Olav skal ha overlevd slaget i Svolder, og om kva som seinare skjedde med han.

Utdrag frå Historia Rerum Norvegicarum:

OM HISTORIENE OM ASTRID OG DE ANDRE, SOM VISER FORLØPET AV OLAVS REISER ETTER AT HAN HADDE OVERLEVD SLAGET.
«Det finnes fortellinger som påstår at kongen overlevde slaget. For at disse og forklaringene som de støtter seg på, ikke skal forbli skjulte, synes det riktig å gjennomgå dem slik som Flatøybok forteller dem, bare noe mer kortfattet. For det fortelles at da han med mye strev hadde svømt til det vendiske skipet, ble det oppdaget at han var såret, med to alvorlige og flere lette sår. Det ene var fra et slag mot hodet med en stein. Det andre hadde han fått i armen fra en pil. Det første ble Einar Tambarskjelve oppmerksom på, da han så blod som rant ned mot kinnene, det andre merket Kolbein stallar, slik som det er sagt.

Det sies at han ble frisk ved Astrids pleie, og ble gjenkjent av flere. Videre sies det at han avslo tilbud om hjelp og penger fra flere stormenn for å bringe ham tilbake til kongeriket. Det gjorde han fordi han fryktet at noe i hans styresett hadde mishaget Gud. Han kunne ikke med god samvittighet angripe sine åndelige sønner i en krig, sa han.

Deretter ble han tilbudt Astrids rike medgiftseiendommer i Vendland til sitt livsopphold, med den samme rausheten fra hennes side. Eiendommene, som var unntatt Sigvalds styre, takket han forståelig nok nei til. Han kunne heller ikke overtales til å la seg utstyre med reisepenger for å besøke Englands kong Adalråd, eller Ethelred, som var en nær venn av ham. Fra ham kunne han lett fått hva han enn ba om. Kun forslaget om å dra til Roma falt i smak. Så Astrid fulgte ham helt til elven Rhinen med tretten riddere.

Da de dro, ga hun ham så mye sølv som hestene kunne bære, og en stor mengde dyrebare ting. Hun holdt av fem følgesmenn til seg selv, men lot de øvrige åtte være igjen for å følge ham på reisen. Fullpakket med dette dro han til Roma, og fungerte som tolk for den store mengden av pilgrimer som strømmet dit fra alle kanter. Han ga seg ut for å være en norsk handelsmann. Astrids beretning strekker seg ikke utover at han hadde nådd fram til paven i Roma.

Deretter fortelles det at han dro over havet med kurs for Jerusalem, og kom til patriarken og kongen i byen, eller snarere i regionen. (Om den på den tiden var under tyrkisk styre, sies ikke, og jeg vet slett ikke om det var innsatt noen annen konge spesielt for Judea.) Han ble svært vennlig mottatt av dem, rosverdig som han var for sin karakterstyrke. I tillegg utviste han de kongelige dydene med verdighet, og var vakker og høyreist.

Da de fikk vite at han var en konge, tilbød de ham et stort landområde. Dette avslo han beskjedent, og det sies at han mottok deres gave kun i form av tre borger, som han ledet i munkedrakt. For meg synes patriarkens enighet med kongen, så vel i makt som i religion (som det går frem av dette) ganske enkelt suspekt. Likevel sier den rosverdige boken at dette var allment kjent blant folk. Den gjengir beretningene fra engelskmenn som vendte tilbake fra det hellige land, som begynte pilgrimsferden det femte året etter slaget ved Svolder.

Til disse skal han selv ha overlevert en bok som skulle gis videre til kong Adalråd. Den inneholdt hans egen livshistorie og beskrivelsene av sju andre hellige menn, og alt dette ble nøye fortalt. Og han la til at han ble værende i to dager sammen med Astrid og Dixin, etter råd fra hans kone Geira, i byen Bustensis. (De kaller den Bustaborg. Byen er også nevnt i Knitlinga saga, som forteller at den var beleiret av Valdemar, Danmarks første konge. Den synes å ha ligget ved Julinum.) Der rådslo de seg imellom.

Det fortelles at det på den samme tiden kom en annen og svært vis mann til Norge. (Hans navn er ikke bevart.) Han sa at han var sendt av Olav Tryggvason, som levde i et kloster på den andre siden av middelhavet, til Erling Skjalgson. Han beviste sine ord ved hjelp av en kniv og et sverdbelte som Olav hadde sendt til sin søster Astrid. Hun erkjente at gjenstandene engang hadde tilhørt kongen.

Back