Harald Hårfagre

Tekst Marit Synnøve Vea

HARALD HÅRFAGRE SINE KONGSGARDAR. Alle Harald Hårfagre sine kongsgardar låg i Rogaland og Hordaland

HARALD HÅRFAGRE SINE KONGSGARDAR.
Alle Harald Hårfagre sine kongsgardar låg i Rogaland og Hordaland

Haraldr hárfagri (ca 850 -931/32) Konge i Noreg frå ca 872 -931
– Harald Hårfagre har fått æra av å samla Noreg til eitt rike etter slaget i Hafrsfjord.
– Eigentleg var det berre Vestlandet han samla. Alle Harald Hårfagre sine kongsgardar låg i Hordaland og Rogaland. Andre stader i landet blei styrte av jarlar på Harald sine vegne.
– Avaldsnes blir rekna som Harald sin viktigaste kongsgard. Her starta han arbeidet med å lage ein norsk stat.
– Harald Hårfagre og etterkomarane hans hadde kongsgard på Avaldsnes i nærare 500 år.

Harald Hårfagre – rikssamlar og dynastigrunnleggjar
Harald Hårfagre er den kongen som har herska lengst i Noreg. Han er ikkje berre «rikssamlaren», men også «dynastigrunnleggjaren»; kongen over alle kongar. Dei neste herskarane måtte vise slektskap med Harald for å legitimera sin rett til å herska.

Sagaen fortel at Harald Hårfagre var ein uvanleg vakker mann. Han var sterk og stor og gåvmild på gull, klok og vennesæl og høgt elska av folket.

Harald var også sjøkonge og viking. Han treivst best ombord i skipet sitt og drog vidt omkring på vikingtokt.

Gyda eggjar Harald til å samla riket.
Sagaen fortel at den norske rikssamlinga kom istand fordi Gyda Eiriksdotter frå Hordaland, ikkje ville gifta seg med Harald før han hadde samla Noreg til eit rike. Harald lova då at han ikkje skulle klippa hår eller skjegg før heile Noreg var samla i hans hand. Han blei då også kalla Harald Luva (rufsehovud).

I røynda var det nok dei gamle, germanske herskermytane og trua på at kraft og styrke budde i hår og skjegg, som fekk Harald til å gå uklippa.

I Harald Hårfagres saga hører vi at den unge Gyda nekter å gifte seg med Harald før han har "samlet Norge til ett rike".  (Harald Hårfagres Saga, illustrasjon I Werenskiold)

I Harald Hårfagres saga høyrer vi at Gyda nektar å gifta seg med Harald før han har «sama Noreg til eitt rike».
(Harald Hårfagres Saga, illustrasjon I Werenskiold)

Slaget i Hafrsfjord
Slaget i Hafrsfjord stod ein gong mellom 868 og 900. Tradisjonen reknar slaget i Hafrsfjord som det store slaget der Harald samla Noreg til eit rike. Meir truleg er det at slaget markerar dei siste krampetrekningane til Harald sine fiendar.

Haraldskvadet fortel at Harald sine fiendar i dette slaget var ”menn som kom austfrå”. Den sterkaste motstandaren hans var Haklang som kan ha hatt sete på Utstein.

Harald sine fiendar kjempa med kvite skjold. Harald og mennene hans hadde raude skjold og raude kapper.

Harald Hårfagre – ein vestlandskonge
Snorre Sturlason skriv at Harald Hårfagre kom frå Vestfold, og at faren var Halfdan Svarte medan mora var Ragnhild Sigurdsdotter frå Ringerike. I dag meiner mange at Snorre knytta Harald til Vestfold og ynglingeætta for å legitimera den norske kongen sin odelsrett til Vikenområdet som både danske og svenske kongar gjorde krav på.

Harald si tilknyting til den svenske ynglingeætta er truleg ein konstruksjon som først blei forfekta av den islandske historieskrivaren Are «den frode» på 1100-talet, og sidan vidareført av Snorre Sturlason.

Andre kjelder, som er eldre enn Snorre, fortel ei anna historie, og i dag meiner dei fleste at Harald var ein vestlandskonge. Mor hans var Ragnhild, dotter av sognekongen Harald Gullskjegg.

Norgeshistorie.no, Universitetet i Oslo: SAMLINGEN AV «NORGE»
Norgeshistorie.no, Universitetet i Oslo: HARALD HÅRFAGRE EN VESTLANDSKONGE

Kart etter Arnfrid Opedal (Ill Steinar Iversen) •	  Harald Hårfagre sine sikre kongsgardar på første halvdel av 900-tallet •	  Harald Hårfagre sine mogelege kongelige støttepunkt på første halvdel av 900-tallet   Dei områda som var mest sentrale i Harald Hårfagre sitt rike I følge skriftlege kjelder (etter Krag 1995 : 87)
 Harald Hårfagre sine sikre kongsgardar på første halvdel av 900-tallet
• Harald Hårfagre sine mogelege kongelige støttepunkt på første halvdel av 900-tallet.
¤  Grønfarge markerer dei områda som var mest sentrale i Harald Hårfagre sitt rike i følge skriftlege kjelder (etter Krag 1995 : 87)
Kart etter Arnfrid Opedal «Kongemakt og kongerike. Gravritualer og Avaldsnes-områdets politiske rolle 600  -1000″,  Unipub 2010 (Ill Steinar Iversen)

Kom Harald til Avaldsnes som arving eller erobrar?
Det blir sagt at Harald Hårfagre gjorde Avaldsnes til «Noregs eldste kongesete», men Avaldsnes hadde vore eit kongesete heilt sidan 200-talet, – lenge før Harald Hårfage kom dit. Då Harald slo seg ned på Avaldsnes, fordreiv han den sitjande kong Hjør og dronninga hans, Ljufvina, frå høgsetet.

Kong Hjør var av Augvald si ætt, og kunne visa til ei meir fornem slekt enn Harald Hårfagre, som hadde ei ganske uklar avstamming. Men kan det vera at også Harald Hårfagre hadde slektsrøter i dette området? Var det mogeleg for Harald å ha Sørvestlandet som sitt kjerneområde om han ikkje hadde slektsrøter eller odel på området frå før av?

Alliansar mellom Karmøy og Vestfold?
Åringsanalysar tatt i 2009 viser at Osebergskipet er bygd av trær frå Sørvestlandet, same område som Grønhaugskipet, Storhaugskipet og båten i Storhauggrava. Når tre av desse fire fartøya er hauglagt nær kongsgarden på Avaldsnes, tyder dette på at Nord-Rogaland eller Sunnhordland er opphavsstaden for alle fire.

Vi står dermed framfor det første direkte naturvitskapelege – og arkeologiske prov for at det tidleg i vikingtida var direkte kontakt mellom vestnorske kongar på Karmøy og ynglingeætta i Vestfold. Kanskje var det ei kongsdotter frå Sørvestlandet som blei gifta bort i Vestfold, og som fikk sitt ege reiseskip med seg i graven da ho døydde i 834?

Arkeologi i nord: KARMØY OG OSEBERG
NRK: OSEBERGSKIPET KOMMER FRA KARMØY
Aftenposten: OSEBERGSKIPETS GÅTE LØST

Harald sin kongsgard på Avaldsnes
Kongsgarden Avaldsnes må ha vore svært viktig for dei gamle riksbyggjande kongane. Den strategiske plasseringa ved Karmsundet gjorde at kongemakta hadde ferdsla langs kysten i sitt grep når dei sat på Avaldsnes. Dei kunne krevje inn avgifter og kontrollera fiendtlege skip. Ressursane på kongsgardane gjorde det også mogeleg å halda mange krigarar.

Med flid synes således Harald å ha valgt Avaldsnes på Karmøy – Vest Norges Leire – kan man fristes til å kalle stedet, som sin egentlige residens. (Prof. Magnus Olsen)

Hvilke muligheter var det ikke i Avaldsnes-trakten, der storkongens hovedgård hadde ligget. (Prof. Anders Hagen)

Jakta på kongsgarden
Avaldsnes var kongsgard for Harald og etterkomarane hans i 500 år. I løpet av denne tida må her ha vore mange kongsgardar med mange ulike bygningar. Kongsgardområdet har vore i intensivt bruk fram til våre tider, og ein måtte tru at det fleste spora frå stordomstida var øydelagde for lengst.

The image shows the locations for workshops, houses and political / religious activities in the areas that have been studied. (Photo KIB Media)

Bildet viser områda for langhusa der folk budde, hallane brukt til politiske/religiøse handlingar og staden for verkstadar/produksjon. Foto KIB Media)

Kongsgarden på Avaldsnes var først og fremst kjend frå skriftlege kjelder, og lenge var Olavskyrkja det einaste synlege minnet etter rikskongane. Så, i 1986, fann arkeologane ein underjordisk gang som truleg var ei fluktrute frå kongsgarden til bruk i ufredstider, og i 2012, fann Kongsgårdprosjektet, leia av Universitetet i Oslo, murar etter kongsgarden frå mellomalderen. Plasseringa yttarst på brinken, gjer at vi trur dette er sjølve kongshallen.

Det pågåande Kongsgårdprosjektet har også påvist andre busettingsspor frå rikskongane si tid, så vel som frå dei føregåande hundreåra. Det verkar som bruksområda har vore dei same frå romartid til vikingtid: Bustadhusa har stått eit stykke inne på kyrkjeplatået, hallane har stått yttarst på brinken og verkstadområda har vore ovanfor der historiesenteret ligg i dag.

Kongens hamn
Vi vet at skipa til kongen låg ved kongsgarden på Avaldsnes,og at heile krigsflåten har vore her i periodar. Kongens hamn i vikingtid låg truleg der vi veit at hamna låg i mellomalder, like nedanfor Nordvegen Historiesenter. Her finn vi spor etter sjøretta verksemd på land og i sjøen.

Harald bygde eit kulturelt senter kring hoffet sitt på Avaldsnes.
Av alle hirdmennene sine sette han skaldane høgast. Dei fekk sitja ovanfor han i høgsetet

Storhaug kongen sine kongsgardar.  Harald Hårfagre tok over eit maktapparat etter eit Avaldsnesrike" som oppstod på 700-talet. Kartet viser dei fem kongsgardane som Harald styrte direkte. Avaldsnes, Fitjar og Skåla/(Kvinnum?) var i funksjon som Storhaugfyrsten sine kongsgardar på 700-talet. Også dei andre gardane er assosierte med kongemakta.

Storhaug kongen sine kongsgardar.
Harald Hårfagre tok over eit maktapparat etter eit Avaldsnesrike» som oppstod på 700-talet. Kartet viser dei fem kongsgardane som Harald styrte direkte.
Avaldsnes, Fitjar og Skåla/(Kvinnum?) var i funksjon som Storhaugfyrsten sine kongsgardar på 700-talet. Også dei andre gardane er assosierte med kongemakta. (Etter A. Opedal, , Unipub 2010)

Om Haralds hoff:
Rikelig de lønnes
de raske krigere
som i Haralds tun
med brikker leke;
guld faa de i mængde
og fagre sverd,
Hunlandsk malm
og træler fra østen.

«Om skaldernes smykker
jeg vil dig spørge,
this du tykkes at vite besked
om de ædles ferd,
den du nøye kjender,
deres som med Harald leve?»

På deres rustning du ser
og deres gyldne ringer,
at de er vel kjendte av kongen.

De bære røde kapper,
fagert randede,
sølvvundne sværd,
ringvævede brynjer,
gyldne belter,
gravne hjelme,
ringe paa haanden.
som Harald dem skjænked.»
(Haraldskvadet) av Tjodolf frå Kvine

Hauge nedanfor  Skåre Kyrkje.  Ein mogeleg gravstad for  Harald Hårfagre. (Foto Haugesunds Avis)

Hauge nedanfor Skåre Kyrkje. Ein mogeleg gravstad for Harald Hårfagre. (Foto Haugesunds Avis)

Harald gravlagd ved Karmsundet
Avaldsnes var den staden der Harald lettast kunne kontrollere sitt vestnorske rike. Her slo han seg ned, her var det trygt for ham å tilbringa alderdommen, her døydde han og her blei han gravlagd ”på Haug ved Karmsund”. Eller som Snorre seier; ..»ok er hann heygðr á Haugum við Karmtsund». Ágrip stadfestar dette ennå nærare: » ..oc var haugþr a Haugom upp fra Haslæyiarsundi». Likevel veit ingen heilt sikkert kvar ved Karmsundet Harald Hårfagre blei gravlagt.

Kvar er Harald gravlagd?
I 1872 då ein skulle feire 1000 års jubileet for samlinga av Noreg, peika historikarane ut Gard ved Haugesund som Harald sin gravstad. Til minne om rikssamlinga blei Haraldstøtta reist på denne staden. I dag meiner dei aller fleste det er lite truleg at Harald er gravlagd her.

Eit meir sannsynleg alternativ er nok Hauge, ved Skåre kyrkje i Haugesund, sjølv om staden blei forkasta då ein skulle reisa Haraldsstøtta. (Sjå Årbok for Karmsund. 1987 – 1992)

Nokre har peika på skipsgrava Grønhaug ved Haugo like ved Avaldsnes som den mest sannsynlege staden for Harald si grav. Grønhaug er ei kongeleg gravlegging, og det var vanleg at vikingkongar blei gravlagde i skip. Denne skipsgrava blei i 1998 C-14 datert til rundt 930, den tida Harald døydde på Avaldsnes. Dateringane blei utført på noko never ein fann i grava, men desse er truleg frå ei sekundær gavlegging.

I 2009 blei det gjort dendrokronologiske undersøkingar av sjølve skipsrestene. Desse viser at Grønhaugskipet blei gravlagt ein gong mellom 790 – 795, lenge før Harald Hårfagre si tid.

Two large rings of silver from the Viking Age. Found by the seaside, Possibly rings given to show alianse with people who performed important duties for the king. (Photo Marit Synnøve Vea)

Halring og armring i sølv, vikingtid, funne i sjøkanten, Nordre Eike ved Avaldsnes. Til saman over ein halv kilo sølv. Kanskje allianseringar gitt til personar som utførte viktige oppgåver for kongemakta (Foto M.S. Vea)

Nemnast bør også at det på Rossabø i Haugesund, i ei øydelagt grav, blei funne eit vakkert engelsk sverd frå første del av 900-talet saman med blant anna båtnaglar. I dette området, på Karmøysida, låg gravhaugane ein gong tett i tett, og mange av dei blei røva. Kanskje Harald si grav også blei øydelagd slik av folk som ikkje visste kva dei gjorde?

Hovedfoto/ Illustrasjonar: Marit S. Vea, Steinar Iversen, Terje Andreassen

Back