Vikinggard

Tekst Marit Synnøve Vea

Langhuset på Vikinggarden

Langhuset på Vikinggarden er ein rekonstruksjon frå garden Oma i Rogaland. (Foto Svein Jakob Stensland)

Vikinggarden Avaldsnes ligg på ei lita, skogkledd øy nedanfor mellomalderkyrkja på Avaldsnes, like innafor Skrattaskjær der kong Olav Tryggvason let drukne ein flokk med seidmenn for tusen år sidan.

På gardstunet finn du eit langhus, leidangsnaust, rundhus og fleire mindre bygg. Utanfor gardstunet går det stiar gjennom skogen for dei som ynskjer å oppleva fred og ro. Om sommaren er vikinggarden open for turistar. Elles i året blir garden på kveldstid nytta til omvisingar og gildekveldar. I lyset frå eldstaden og oljelampane på veggene kan du då bli ført 1000 år tilbake i tida. I skuleåret blir garden også nytta som historisk leirskole. Kvart år i juni er det Vikingfestival her.

VIKINGANE – MEIR ENN SJØRØVARAR OG BARBARAR
Kongsgarden på Avaldsnes låg på platået der Olavskyrkja står i dag, men vikinggarden du ser her nede på Bukkøy, viser korleis vanlege folk budde i vikingtida. Desse folka var bønder og fiskarar. Dei var handverkarar og handelsmenn. Dei var diktarar og oppdagarar. Det er denne sida av vikingane sitt liv du får veta meir om på Vikinggarden Avaldsnes.

I langhuset på Vikinggarden blir du ført 1000 år tilbake i tid. (Foto Karmøy Kulturopplevelser)

I langhuset på Vikinggarden blir du ført 1000 år tilbake i tid. Foto Karmøy Kulturopplevelser

NY KUNNSKAP OM VIKINGANE SIN BYGGESKIKK
Vikinggarden er bygd som del av eit eksperimentelt arkeologisk forskingsprogram i samarbeid med Arkeologisk museum i Stavanger. Vikinggarden skal gi oss ny kunnskap om korleis forfedrane våre bygde hus, kva materiale og reiskapar dei brukte og korleis dei gjorde nytte av  naturressursane. Arkeolog og bygningsingeniør Jochen Komber har forska fram teikningane til dei fleste av bygningane. Utforming av enkeltdetaljar er gjort i samarbeid med handverkarar.

For sommaropent, omvising og gilder på Vikinggarden: Sjå Historiske Avaldsnes

For Historisk Leirskole: Sjå Avaldsnes Historiske Leirskole

VIKINGGARDEN SETT FRÅ LUFTA

Back