Rundhus

Tekst Marit Synnøve Vea

Vi trudde lenge at runde hus ikkje var ein del av skandinavisk byggeskikk, men arkeologiske utgravingar har avdekka runde strukturar frå vikingtid som vanskeleg kan vera anna enn tufter av rundhus.

Vi veit ikkje kva funksjon rundhusa hadde i vikingtida. (Foto Kåre Tangen)

Vi veit ikkje sikkert kva funksjon rundhusa hadde i vikingtida. (Foto Kåre Tangen)

Det er blant anna funne slike runde strukturar på L’Anse aux Meadows, på Tissø i Danmark og på Hundvåg i Stavanger. Også i fleire gamle stavkyrkjer har koret ei rund form.

Vi veit ikkje kva funksjon rundhusa hadde i vikingtida, men vi har spekulert på om dei kan ha vore nytta som gudehov, og at desse runde husa er som ein «missing link» mellom gudehova og stavkyrkjene.

Rundhuset som er bygt på Avaldsnes er først og fremst basert på utgravingar frå den arkeologiske tomta i Hundvåg, Stavanger. Der blei det funne fire stolpehol etter takberande stolpar, og rundt desse var det ein voll som markerte ein vegg.  Sidan vi har eit firkanta bærande system omslutta av ein rund vegg, har det vore ei utfordring å finna ut korleis vi skal samanføya taket og veggene. Konstruksjonen som finst i stavkyrkjene, har vore ein av ledetrådane i vår løysing av dette problemet.

Rundhuset er bygd av furu og eik med ståande veggbord i ein syllstokk. I midten er det eldstad. Røyken går ut gjennom ei røykopning med luke øvst i taket. Taket er av vertikale over- og underliggande furubord.

Rundhuset på Avaldsnes stod ferdig i 2001.

Back