Vikingbåt

Holmrygr har fem årepar, keiper, tiljer, tofter og ror. (Foto Sverre Bakkevik)

Tekst Marit Synnøve Vea

Vikingbåten Holmrygr er ein rekonstruksjon av den største følgebåten til Gokstadskipet. Båten er 9.75 m lang og 1,85 m brei.

Båten har fått namn etter folk som budde på øyene i Rogaland. Dei blei kalla holmrygr.

Bygginga av båten
Holmen Skole, under leiing av båtbyggjar Harald Sørensen, har stått for bygginga av båten. Den blei sjøsett under Vikingfestivalen i juni 1996. Då blei båten dratt på lunnar frå Holmen skole til sjøen.

Skolen brukte eit heilt år på å planleggja bygginga og å få tak i passande materialer. Breie bord og eikeplanke til kjøl, måtte kjøpast.

Teikningar til båten fekk me hos Vikingskipshuset i Oslo

Emne til stevner og spant blei henta i skogen i Vindafjord. Deretter måtte materiala lagrast og tørkast så seint at dei ikkje sprakk.

Heile båten, med unntak av den øvste bordgangen, er av eik. Totalt har båten fem bordgangar.

Linjene i båten liknar dei me finn i eit større vikingskip. Dette skuldast at dei to første bordgangane svingar oppover slik at dei mest går heilt opp til toppen av stevnene både framme og bak. Byrjingane til dei tre neste bordgangane startar derfor mest på null i kvar ende av båten.

Holmrygr blei sjøsett juni 1996.

Holmrygr blei sjøsett i juni 1996. (Foto Marit Synnøve Vea)

Vikingane ville ha laga båtsaum (naglar) av myrmalm.  Holmen skole kjøpte saum og gløda dei for å fjerne galvaniseringa. Roene blei laga for hand, dei skulle vera tilnærma kvadratiske. Både saum og roen blei gløda og dyppa i tjøre. Nokre stader er det også nytta naglar av einer.

Back