Grophus

Tekst Marit Synnøve Vea

Grophus med bordtak under bygging. (Foto Andy De- Martine)

Grophus med bordtak under bygging. (Foto Andy De- Martine)

Det er to grophus på Vikinggarden. Slike hus var ganske vanlege i vikingtida. Husa er nedgravne ca. 1/2 m slik at golvet er under bakkenivå. Dette gjer at dei er kjølige om sommaren og varme om vinteren.

Dei bua veggene er laga av flettverk, og den avrunda forma gjer det lettare å fletta greinene. Veggene er klint med ei blanding av leire, mold, kumøkk og vatn. Ein finn gjerne flere grophus på eit gardsanlegg.

Det er enkelt å byggja slike hus, men dei treng stadig vedlikehald. Sidan Vikinggarden blei etablert, har vi restaurert og bygd nye grophus fleire gonger. Nokre gonger har me tekka taket med trespon slik vi finn på langhuset, andre gonger har me brukt bordtak slik som på naustet.

Grophusa kunne truleg brukast til ulike føremål, mellom anna er det i eit slikt grophus funne vevlodd og synåler, noko som kan tyda på at det blei brukt til vevstove og anna tekstilarbeid.

I Egilsaga står det om Bjørn som kjem til ein gard i Aurland: «Han gjekk opp til garden og til den dyngja (kvinnestova) som mor hans åtte. Ho sat der inne, saman med mange andre kvinner.»

Dyngja tyder samankasting. Dette kan tyda på at nokre «kvinnestover»  opprinneleg var jordkjellarar med dyngje/jord over for å halda på varmen om vinteren.

Grophusa på Vikinggarden blir i hovudsak brukte til handarbeid og grovkjøken.  Inne i eit av grophusa er det ein steinomn. Her kan vi røykja kjøt og fisk, og vi kan henga urter opp under taket til tørking.

Foto av grophus under bygging av Karl Johan Gundersen og Andy De-Martine:

111-1194_IMG

111-1190_IMG

111-1186_IMG

111-1178_IMG

107-0714_IMG

102-0243_IMG

Back