Gardstun

KART OVER VIKINGGARDEN Kontorbygget er ikkje komen med.

KART OVER VIKINGGARDEN
Kontorbygget er ikkje komen med.

Tekst: Marit Synnøve Vea

Gardstunet er gjerda inn etter gamle inngjerdingsmåtar med skigardar og flettverksgjerder. Der er fleire portar du kan gå inn gjennom. Stiane er dekka av grus eller trelemmar. Det er fleire stiar som går gjennom skogen for dei som vil ha litt fred og ro.

I åkeren veks det ulike typer grønsaker og urter som i vikingtida blei nytta både som smakstilsetting, til medisiner og trolldom.

Nokre gonger kan du også finna dyr på Vikinggarden her på Avaldsnes. I vikingtida ville geiter, griser, kyr, sauer og hestar ha halde til på markene kring ein slik gard. Det ville også ha vore åkrar og større engområde for dyra.

BAUTASTEIN
Bautasteinen blei reist på gamlemåten under Vikingfestivalen i 1998. Runene på steinen seier at: Holmrygr raisti stain þan aft Halfr konungr. (Holmryger reiste denne stein til minne om kong Halv).

Kong Halv var ein ætling av kong Augvald som har gitt namnet sitt til Avaldsnes. Om Halv blir det sagt at han samla saman dei 60 beste menn frå elleve fylke og drog i viking i 18 år. ”Men aldri hærtok han kvinner eller barn.” Rogaland kjem av folkenamnet ryger, og dei rygene som budde på øyene i Rogaland blei kalla holmryger.

GRAVHAUG
Ein gravhaug ligg like utanfor gjerdet. Denne er ikkje ekte, men det var vanleg å gravleggja døde forfedre i nærleiken av garden.

Bautasteinen blei reist på gamlemåten. (Foto Marit S.Vea)

Bautasteinen blei reist på gamlemåten. (Foto Marit S.Vea)

I vikingtida fekk dei døde med seg i grava både klede, våpen og anna utstyr dei kunne ha bruk for i det neste livet. Høgtståande personar fekk svært rike gravgåver med seg til dødsriket, og haugane deira kunne vera mykje større enn denne.

Personar som tilhøyrde kongeslekta kunne bli gravlagde i skip som skulle segla dei over til det neste livet. Ved Avaldsnes er det to slike skipsgraver; Storhaug som er datert til  779 og Grønhaug som er frå ca 795.

TJØREMILA
I strandkanten er det i tjøremile. Slike miler blei brukte til å utvinna tjøre som skal smørjast på bygningar  og skip slik at dei ikkje rotnar. Fururøter blir lagde i ein haug på eit treskjelett. Rundt røtene har ein opptenningsved som blir dekka med lyngtorv. Deretter set ein fyr på torva og let henne brenna i fleire døgn.

Her set ein fyr på tjøremila for å brenna tjøre til langhuset. (Foto Marit Synnøve Vea)

Her set ein fyr på tjøremila for å brenna tjøre til langhuset. (Foto Marit Synnøve Vea)

Ei hole midt i mila leier den varme tjøra ned i ei trerenne som fører tjøra vidare ned i tønner.  Denne tjøremila blei bygd i 1996, då ein første gong skulle brenna tjøre til langhuset på Vikinggarden.

GRILLSTADER
Fleire stader ved sjøkanten er det grillar som folk kan bruka. Det er ikkje lov å bruka eingongsgrillar på Vikinggarden.

Back