Jøsur og Hjør

Tekst: Marit Synnøve Vea

Jøsur og sonen Hjør blir rekna som kongar i Rogaland og Hordaland, men når sogene i denne tida snakkar om eit «rike», så er dette riket bunde saman av alliansar og lojalitetsband, ikkje geografiske grenser som i vår tid. Det kunne derfor, på same tida, vera fleire kongar i Rogaland og Hordaland (og Agder), og områda dei herska over, kunne skifta etter som dei vann «rike» frå kvarandre.

Det ser ut som etterkomarane etter Augvald heile tida hadde Avaldsnes som sin base, men sjølve Avaldsneset kan skiftvis ha tilhøyrd Rogaland og Hordaland.Det er ikkje alltid samsvar mellom kjeldene som nokre gonger snakkar om at same kongen herska over storriket Rogaland og Agder, andre gonger over storriket Rogaland og Hordaland.

Jøsur
Halvssaga fortel at kong Augvald fekk ein son som heitte Jøsur. Han blei fødd ein gong Augvald, dronninga hans og følget deira var på jakt på grensa mellom Rogaland og Telemark. Denne staden er sidan blitt kalla Jøsureid. Jøsur blei fostra opp av Gunnvald Stordajarl. Då Augvald døydde, arva Jøsur riket etter far sin.

Jøsur hadd vore konge nokre år då fosterfaren blei drepen av ein hovding som heitte Koll. Jøsur sette då ut for å hemna drapet på fosterfaren. Han kom i slag med Alrek Hordakonge som var på Koll si side i ufreden, og i dette slaget blei Alrek drepen. Jøsur la då under seg det riket som Koll hadde hatt. Desse områda låg truleg langs Hardangerfjorden.

Mange år seinare, då Jøsur var på vitjing i det riket han hadde tatt frå Koll, blei han overfallen av *Vikar, son av Alrek Hordakonge. Det kom til eit stort slag. Jøsur fall saman med alle bøndene i dette heradet. Fordi så mange av mennene døydde, er staden etter dette blitt kalla Kvinnherad. Sidan la Vikar under seg det området som Koll hadde hatt.

Halvssaga fortel slik om korleis Jøsur døydde:
Jøsur hadde daa vore konge ei tid. Han for med ein stor her og ville hemna fosterfar sin. Daa Koll saag han kom siglande. Sprang han til herskipi sine og siglde nord om Hardsjøen til Gravdalsvaag. Daa kom Alrek faament (= med lite folk) til møtes med Koll; for han venta ikkje ufred. Daa stridde dei med Jøsur, og kong Alrek og Koll og mesteparten av heren deira fall.

Mange vetrar siden kom kong Vikar fjølmeint (= med mange folk) i mot Jøsur daa han var i det riket som Koll hadde aatt. Dei stridde med kvarandre og daa fall kong Jøsur og alle menner i det heradet. Det heiter Kvennaherad for di at der budde berre ekkjor sidan.

Sidan tok Vikar heile det riket som Koll hadde aatt. Difor for Hjør Jøsurson til strid mot Vikar. Dei hadde ei lang strid med kvarandre og umsast om yvertaket. Um sider samdest dei. (…)

Kong Hjør Jøsurson var ein mektug konge. Han døydde av sott og vart hauglagd paa Rogaland.

* Gautrek saga fortel at Vikar var son av Harald Agdekonge. Det er ei anna soge, men truleg meir i samsvar med sanninga. (Sjå kapittel om Glemte kongeslekter)

P.A Munch sier dette om Vikar og hans rike:
Det historiske Resultat, vi heraf vinde, er saaledes, at der mod Slutningen af det 7de Aarhundrede i Norge har været et rygsk eller egdsk Rige, bestaaende af Rogaland og Agder med Tilbehør, eller rettere, at Rogaland endnu ikke havde deelt sig i de to Fylker Rygjafylke og Egdafylke, men dannede et eneste Fylke ligefra Ryvarden til Rygjarbit; at den Konge, under hvilken det naaede den største Magt, var Vikar Haraldssøn, der tillige underkastede sig Hørdaland og den ikke rygske Deel af Thelemarken samt de tilgrændsende Dele af Oplandene, hvortil man deels kunde regne Thelemarken selv, deels Vors, over hvilket Fundinn Noregr lader Vikars Æt herske[10]; at Vikars Æt siden er bleven fortrængt, først fra Hørdaland, siden fra Rogaland, og at hans Sønnesønner Hjall og Snjall blot have været Søkonger, der omsider faldt i en Strid mod Aale den frøkne.

Det synes tillige sikkert, at Vikar virkelig har haft i sin Tjeneste en navnkundig rygsk Helt, ved Navn Starkad, hvis Styrke og Tapperhed, Skaldeevne, Lunefuldhed og Blanding af gode og slette Egenskaber have vakt en ualmindelig Interesse og bidraget til at gjøre ham til en egte Sagnhelt, især ved at antage ham for den samme som eller en Ætling af den mythiske Jøtun Starkad Aludreng; ligeledes at Starkad virkelig har fældet Vikar, og derpaa opholdt sig først hos Frode frøkne, siden hos Aale frøkne, og opnaaet en meget høj Alder, som dog ej behøver at antages højere end 70—80 Aar. (P.A. Much: Det norske folks historie, Chr. Tønsbergs Forlag, 1853)

Hjør Jøsurson
(Namnet Hjør av gmn. hjorr = sverd)

Jøsur hadde ein son som heitte Hjør, og han blei konge etter far sin. Hjør låg lenge i strid med Vikar før dei slutta fred. Likevel må Hjør ha vore ein konge som sikra gode år for folket sitt. Dei gamle kjeldene fortel at han var svært rik og døydde sottedød i Rogaland.

Hjør Jøsurson hadde ein son som blei kalla Hjørleiv den kvinnekjære. Hjørleiv fekk sidan sonen Halv. Hjørleiv og Halv kan du lesa om på eigne sider.

Det er fleire kongar av Augvald si ætt som ber namnet Hjør, derfor må ein ha i mente at det kan ha skjedd samanblandingar. Det kan ha vore både færre og fleire personar med namnet Hjør, enn det me ser i dei gamle slektsrekkjene.

Augvald si slektsrekkje

Fornjot (Ymir)
Ægir – Kåre (Vind)-   Loge
Frost
Snø
Thorre
 Gor – Nor –             Goe
Gard Agde
Rugalf
Rognvald
Augvald(ca 600 e.Kr.?)
Jøsur
Hjør Jøsurson
Hjørleiv den kvinnekjære
Halv
Hjør Halvson
(Flein Hjørson)
(Hjør Fleinson)
Geirmund og Håmund Heljarskinn (Landnåmsmenn på Island)

Back