Håkon Håkonsson

Tekst: Marit Synnøve Vea

(1204—1263). Konge i Noreg frå 1217 – 1263

«Avaldsnes på Karmøy, 1813". Maleri av J.C. Dahl . Foto Nasjonalgalleriet

«Avaldsnes på Karmøy, 1813″. Maleri av J.C. Dahl. Vesttårnet Håkon bygde på Olavskyrkja er svært stort. Dette var den første vestnorske kyrkja utanfor byane som fikk vesttårn. Det er vanskelig å forstå kvifor tårnet var så stort, – kanskje det også skulle fungera som eit forsvarsanlegg? (Foto Nasjonalgalleriet)

Håkon Håkonsson var son av birkebeinarkongen Håkon Sverresson og Inga frå Varteig. Han blei fødd på Folkenborg i Eidsborg. Håkon var fødd utanfor ekteskap. Inga måtte sidan bera jarnbyrd for å prova at Håkon var son av Håkon Sverresson. Håkon blei kalla birkebeinarprinsen. Namnet «birkebeinar» kom av at dei surra bjørkenever rundt føtene for å halda på varmen. I Håkon si tid blei det slutt på borgarkrigane i Noreg.

Håkon sluttførte den rikssamlinga som Harald Hårfagre hadde starta. På mange måtar var Håkon den eigentlege rikssamlaren. Håkon gjorde Bergen til hovudstad i Noreg.

Borgarkrigar
Tida før Håkon blei konge var prega av borgarkrigar mellom birkebeinarar og baglarar. Birkebeinarane hadde makta på Vestlandet og i Trøndelag. Baglarane hadde makta på Austlandet.

Håkon Sverresson var daud då Håkon blei fødd, og mor hans var i eit område som var kontrollert av baglarane. Sidan guten var son av ein birkebeinarkonge, frykta mora at baglarane ville drepa han. Inga flykta derfor nordover mot Trøndelag i 1206. På vegen blei dei overraska av ein snøstorm. To av dei beste skiløparane, Torstein Skevla og Skjervald Skrukka, førte då guten med seg gjennom stormen til tryggleik i Nidaros.

Avaldsnes var ein bastion for birkebeinarane fram til 1207. Då overtok baglarane makta over Vestlandet like til Boknafjorden sør for Karmøy. Birkebeinarprinsen Håkon Håkonsson er nå i deira makt.

Noregsveldet på det største
Håkon Håkonson blei norsk konge i 1217, berre 13 år gammal. I hans regjeringstid blei det slutt på borgarkrigane og Noregsveldet var på det største. Island, Grønland og Finnmark blei lagt under den norske trona medan han var konge.

I 1247 blei Håkon Håkonsson krona av paven etter europeisk skikk.

Sat kong Håkon saman med dei geistlige inne i koret i Olavskyrkja? Under restaureringa av Olavskyrkja i 1927 kom det til syne kalkmalerier, på nordveggen i koret.  Eit av maleriene viste ei kongekrone med Olavseple, under var ein bolt vi trur var feste for kongens stol.

Sat kong Håkon saman med dei geistlige inne i koret i Olavskyrkja?
Under restaureringa av Olavskyrkja i 1927 kom det til syne kalkmalerier på nordveggen i koret. Eit av maleriene viste ei kongekrone med Olavseple, under var ein bolt vi trur var feste for kongens stol.

Kulturell bløming og internasjonal kontakt
I Håkon si regjeringstid opplevde vi ei kulturell blomstring og den norrøne litteraturen blei nedskriven. Snorre Sturlason skreiv sine kongesagaer på oppdrag frå Håkon, – men det var også Håkon som fekk Snorre myrda.

Håkon var høgt respektert blant europeiske fyrstehus. Dottera Kristina blei i 1258 gift med den spanske prinsen Don Filupus av Castilla, men ho døydde fire år etter giftarmålet. Den tysk-romerske keisaren ville gi Håkon herredømet over hansabyen Lubeck, og kongen av Frankrike ville ha han med på ei krossferd til Egypt og Palestina, noko Håkon klokeleg takka nei til.  Ei sterk årsak til at Håkon var respektert i internasjonal samanheng, var nok den store krigsflåten han rådde over.

Les meir: Da Norge var Europas største rike

Håkon Håkonsson – kyrkjebyggjaren
I Håkon Håkonssons saga kan vi lesa: «På Agvaldsnes (Avaldsnes) let han gjera ei steinkyrkja som er den fjorde største landskyrkja i Noreg»

Håkon Håkonsson starta bygginga av kyrkja på Avaldsnes rundt 1250. Kyrkja var då ein del av kongsgard-anlegget. Storparten av kyrkja var ferdig før 1280. Håkon gjorde kyrkja på Avaldsnes til et kongeleg kapell

Avaldsnes Kongsgård. Rekonstruksjon basert på arkeologiske undersøkelser i 2017.

Avaldsnes Kongsgård sett frå sørvest. Rekonstruksjon basert på arkeologiske undersøkingar i 2017. Ill Arkikon

Håkon vigsla kyrkja på Avaldsnes til St. Olav . Når Håkon valte å reisa si eiga kongskyrkje på Avaldsnes, kan dette både ha ideologiske og realpolitiske årsaker:

– Håkon yngste å knytta seg til den gamle tradisjonen med Avaldsnes som eit viktig sete for legendariske kongar
– Det var framleis viktig å ha kontroll med skipstrafikken gjennom Karmsundet
– Det var ein viktig handelsstasjon ved kongsgarden.

Kamp mellom kongemakt og kyrkjemakt
På Håkon Håkonsson si tid var det ein politisk dragkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Ved eit pavebrev i 1247 fikk kong Håkon rett til å velje prestar (patronatsrett) til dei kyrkjer han og forfedrane hans hadde bygd på dei tre kongsgardane sine, og til dei han sjølv kom til å grunnlegga. Ved andre kyrkjer hadde biskopane denne retten.

Bygginga av Olavskyrkja på kongsgarden ved Karmsundet, var også ei markering av Håkon sin politiske ”siger” over biskopane og paven.

Håkon stod for fleire store byggearbeid i stein. Han fekk også bygd Håkonshallen i Bergen. Både Olavskyrkja på Avaldsnes og Håkonshallen er bygd av byggmeistrar frå Westminster Abbey.

Avaldsnes Royal manor seen from the strait Karmsund. Reconstruction based on archaeological excavations in 2017. (ARKIKON, Ragnar Børsheim)

Avaldsnes kongsgard sett frå Karmsundet.  Truleg var det Håkon Håkonsson som bygde porttårnet og Håkon V Magnusson som fullførte bygginga av hallen ca 1300. Rekonstruksjon basert på arkeologiske utgravingar i 2017. (ARKIKON, Ragnar Børsheim)

Funnet av kongsgarden til Håkon Håkonsson
I 2017 avdekka Kongsgårdprosjektet Avaldsnes ruinane av hovudbygningen i det kongsgardanlegget som stod på Avaldsnes i høgmellomalderen. Bygningen låg på platået like sør for Olavskyrkja, og var godt synleg frå Karmsundet. Bygningen har hatt to etasjar i stein og ein kjeller under den sørlege enden. Kjellaren blei brukt som lagerrom. I etasjen over var det kjøkken, verkstader og arbeidsrom. I øvste etasje låg den representative hallen og andre rom som kongen brukte når han var på Avaldsnes.

Bygningen endar i et høgt porttårn som var hovudinngangen til kongsgarden. Frå tårnet går ein overbygd gang, kanskje i to etasjar, fram til kyrkjekoret. Fasadeveggen frå sør og fram til kyrkja er 70 m. Sjølve hovudbygningen, inkludert tårnet, er ca. 51m.

Så langt ser du ut som Håkon Håkonsson reiste porttårnet samstundes som han bygde Olavskyrkja. Kanskje var det også han som starta bygginga av den store hallen, som truleg blei fullført av sonesonen Håkon V Magnusson rundt 1300.

Dette er den fjerde kongsgarden i stein som er funnen i Noreg. Dei andre tre ligg i byane Bergen, Oslo og Tønsberg. Vi visste at Håkon Håkonsson hadde kongsgard på Avaldsnes, men ingen trudde den var i stein.  Funnet av den store befesta bygningen ved Karmsundet, viser at også mellomalderkongane hadde storsatsing på Avaldsnes.

Les meir om utgravingane her: Forskning

The secret passageway. An escape route for use in times of trouble. In the gravel you see the stone slabs that form the "roof" of the passageway. (Photo AmS)

Den hemmelige gangen som blei funne  i 1986. Truleg ei fluktrute til bruk i ufredstider. I grusen ser du dekkhellene som dannar «taket» i gangen.(Foto AmS)

Hellelagt gangveg
I Paktarhagen, like sør for kyrkja, blei det i 2012 funne ein hellelagt gangveg. Den går parallelt med veggene i kongshallruinen. Vi trur det var denne gangvegen kongen brukte når han skulle gå inn i kyrkja. Døra i vest var kongen sin inngang.

Hemmeleg gang
I 1986 ble det funne deler av ein underjordisk gang under P-plassen ved kyrkja. Vi trur gangen har vore brukt som ei fluktrute til bruk i ufredstider. 5.5m av gangen går i retning mot kyrkjetårnet. 30.5m går i retninga øst-vest mot staden der kongshallen nå er funnen. Det ser ut til at gangen fortset inn i kongshallruinen.

Håkon Håkonsson, var tross alt fødd under borgarkrigstida, og kan ha hatt trong til å sikre seg. Nokon meiner også at det store vest-tårnet som kongen let byggje på Olavskyrkja, skulle fungera som eit forsvars tårn.

Kongens hamn
På 1200-talet ser vi at kongemakta hadde ei ambisiøs satsing på Avaldsnes. Det viser seg også i hamneområdet. Frå før visste vi at hanseatane hadde ein handelsstasjon på Avaldsnes frå rundt 1350 – 1500. I november 2012 skulle arkeologane freista å avgrensa området for hanseatisk aktivitet. Dei fann då den ytre delen av Håkon Håkonsson si hamn.

Eit tjukt kulturlag i sjøen viser at det var stor aktivitet i kongsgarden sitt hamneområde i perioden 1170 – 1270. Kulturlaget dekker eit område på ca. 17.000 kvm, men er truleg større. Mange stader går det inn under hamneområdet som hanseatane brukte.

I kulturlaget låg mellom anna massevis av hogde trespon som kan vera enten frå byggearbeider eller frå skipsreparasjonar og skipsbygging. Det blei også funne mengder av dyrebein. Desse funna frå 1200-talet har eit heil anna preg enn funna vi ser etter hanseatane si verksemd i same område.

Ristningen funnet i Bergen. Ristningen viser trolig Håkon Håkonsons flåte slik jarl Skule av Trøndelag så den i 1233  da han ble innkalt til  Bergen. Her ser du skip med drakehoder. I midten ser vi også skip med skipsfløyer

Ristning funnen i Bergen. Ristningen viser truleg Håkon Håkonsson sin flåte slik jarl Skule av Trøndelag såg den i 1233 då han blei kalla til Bergen. Her ser du skip med drakehovud. I midten ser vi også skip med skipsfløyer

Håkon døyr
Det var i Håkon Håkonsson si tid at Noreg mista råderett over nokre av øyene i det norske skatteriket rundt Irskesjøen.

Skottekongen Alexander gjorde krav på Hebridene. I 1263 drog Håkon over Nordsjøen med minst 120 skip og mange menn. Håkon og Alexander møtte kvarandre i slaget ved Largs på den skotske vestkysten. Slaget stod under eit frykteleg uvær. Håkon måtte trekkja seg tilbake. Han gjekk i land på Orknøyane der han døydde.

Året etter førte det store skipet Kristsuden den døde kongen heim til Bergen.

Les meir om Avaldsnes i mellomalderen

Back