Olav den hellige
Tekst: Marit Synnøve Vea
(Óláfr Haraldsson, Óláfr hinn helgi 995 -1030). Konge i Noreg frå 1015 – 1028
Olav var son av Harald Grenske frå Ringerike, og Harald Hårfagre skal etter Snorre ha vore tippolderfar hans. Mora var Åsta Gudbrandsdatter. Faren døydde før Olav blei født, og han vaks opp saman med mora og stefaren Sigurd Syr. Olav er også kjend som Olav Digre og Sankt Olav. På norrønt kan tilnamnet Digre bety at han var tjukk eller grovbygd
Snorre fortel slik om Olav:
«Han ble snart en kjekk kar. Han var vakker å se til, middels høy av vekst. Han var svært tettvoksen, hadde store krefter, lysebrunt hår, bredt ansikt, lys hud og rødlett ansikt. Han hadde usedvanlige gode øyne, de var vakre og så kvasse at en kunne bli redd for å se ham i øynene når han ble sint.
Olav var svær i idretter og kunne mange ting. Han var god til å skyte med bue og siktet godt. Han kastet spyd bedre enn de fleste, var hendig og hadde et sikkert øye for all slags håndverk. Han ble kalt Olav Digre. Han talte djervt og kvikt, var tidlig voksen i alle ting, både i styrke og vett, og alle frender og kjenninger var glade i ham. Han var ærekjær i leik, ville alltid være den første.»
Olav på vikingferder i Europa
Olav var berre 12 år gammal då hand drog i viking. Først drog han i Austerveg, sidan drog han saman med ein av jomsvikingane til England og herja der. Dei klarte ikkje å ta London, men i 1011 tok dei Canterbury. Sidan drog Olav til Spania og Cádiz, og vinteren 1013 – 1014 overvintra han hos Richard II av Normandie.
Olav blir døypt
Richard og normannarane hans, som var etterkomarar av danske og norske vikingar, var kristne, og Olav let seg døype i Rouen. Frå Normandie drog Olav i 1014 på ny til England, men denne gongen hjelpte han den engelske kongen Adalred II med å ta London tilbake frå danane. Det heiter seg at dei mellom anna reiv ned London bridge, og den engelske barnesongen ”London Bridge is falling down”, skal skrive seg frå denne hendinga.
Olav kjem til Noreg for å bli konge
Då Olav kom til Noreg, sat ladejarlane og regjerte på vegne av den danske kongen. Slik hadde det vore sidan Olav Tryggvason fall i slaget ved Svolder. I tillegg var det ein del mektige hovdingar som hadde stor makt.
Olav starta med å ta Eirik jarl til fange og sende han så til England. Sidan blei Olav småkonge på heimstaden sin Oppland. Deretter la han under seg Viken og Agder. Då han kom til Trøndelag, var makta hans så stor at trønderane hylla han som konge på tinget.
Snart hadde Olav makta over heile Midt-Noreg og Sør-Noreg. Også i Hålogaland blei han tatt til konge. Olav slutta fred svenskekongen og gifta seg den svenske kongsdottera Astrid.
Olav må skapa fred med hovdingane langs kysten
Men ennå var det mektige hovdingar langs kysten. Kalv Arneson og Tore Hund frå Bjarkøyætta i Troms, Hårek av Tjøttaslekta på Helgeland og Erling Skjalgson frå Sola. Erling var svoger av Olav Tryggvason, og det blir sagt at då Olav Harldson kom til Noreg var Erling den reelle makthavaren på Vestlandet frå Rogaland til Sogn.
Kongemakta må få kontroll med handelen langs kysten
Olav Haraldsson kjempar for sterkare kongemakt. For å klara det, må han redusera den makta som hovdingane langs kysten har. Olav vil ta kontrollen over Vestlandet og handelen langs Norskekysten. Som eit ledd i denne planen, sender han vekk han den gamle gardsstyraren på Avaldsnes, og plasserer Tore Sel som årmann på kongsgarden.
Olav legg ned forbod mot å selja korn til nordlendingane.
I 1022 legg kong Olav ned forbod mot å selja korn til folk som bur nord i landet. På det viset blir det også vanskeleg for hovdingane oppe i nord å bryggja øl og halda gilder, slik som hovdingar skal gjera.
Erling Skjalgsson sel likevel ei kornlast til nevøen Asbjørn Sigurdsson av Trondenes. Erling meiner han omgår kongen sitt forbod fordi det er trælane, ikkje Erling sjølv, som sel kornet til Trondenes hovdingen.
Når Asbjørn skal heimover, må han forbi Avaldsnes. Tore Sel konfisker då heile kornlasta på vegne av kongen. Han tek også det vakre, stripete seglet, og gir Asbjørn eit gammalt segl i staden. Dette er ei stor ærekrenking.
Asbjørn kjem til kongsgarden på Avaldsnes
Påsken 1023 seglar Asbjørn sørover mot Avaldsnes med 90 mann, lysten på hemn fordi kongen sin gardsstyrar, Tore Sel, hadde tatt kornlasta hans.
Asbjørn legg til på vestsida av Karmøy og går i løyndom og aleine til kongsgarden der Olav Haraldsson held påskegilde med mange menn. Mellom kongens hirdmenn er Skjalg, son av Erling Skjalgsson.
Asbjørn høgg hovudet av Tore Sel
Når Asbjørn kjem inn i gildesalen, høyrer han Tore Sel skryte til kongen at Asbjørn gråt då dei tok seglet frå han. Asbjørn dreg då sverdet, spring fram og høgg hovudet av Tore Sel.
Hovudet fell ned på bordet framføre kongen, og blodet driv bort på tallerkenen hans. Kongen blir rasande og dømmer Asbjørn til døden. Skjalg Erlingsson ber om nåde for fetteren sin, men kongen svarar at han likar lite at nokon bryt påskefreden og bruker føtene hans til hoggestabbe.
Kongen dømmer Asbjørn til døden
Sidan det er langfredag, må kongen utsetje avrettinga av Asbjørn til påskehelga er over. Skjalg Erlingsson ser då at det kan vera tid til å redda Asbjørn. Han samlar nokre trufaste menn og fossror over Boknafjorden til Sola for å gi Erling beskjed om kva som har hendt på Avaldsnes.
Erling Skjalgsson kjem til Avaldsnes med 1500 mann
Erling sender ut hærpila og samlar saman ein hær på nærare 1500 mann som seglar over Boknafjorden. 1. påskedag kjem flåten med Erling sin hær fram til Avaldsnes.
Kong Olav er til messe inne i kyrkja. Erling stiller opp hæren sin på begge sider av den vegen som går frå kyrkja til stova på kongsgarden. Når Olav kjem ut frå høgmessa, må han gå spissrotgang mellom Erling sine menn.
Olav må setja Asbjørn fri
Olav har ikkje anna val enn å forlika seg med Erling og sleppa Asbjørn fri. Føresetnaden er at Asbjørn, som nå får namnet Selsbane, skal koma attende og bli kongen sin årmann på Avaldsnes. Men Asbjørn gjer ikkje som kongen vil. Han blir verande heime på Trondenes. (Les om dette: KONFRONTASJONEN MELLOM OLAV HARALDSSON OG ERLING SKJALGSSON PÅ AVALDSNES. UTDRAG FRÅ SNORRE
Avaldsnes – ein kongeleg bastion midt i Erling Skjalgsson sitt rike.
Strida mellom Erling og Olav, var også ei strid om kontrollen med ferdsla gjennom Karmsundet og langs kysten. I tida fram mot vikingtid, stod Avaldsnes sentralt i strida mellom hovdingar langs Nordvegen. Det var viktig å ha kontroll med Avaldsnes fordi den som kontrollerte Karmsundet, hadde kontrollen med skipstrafikken og handelen langs Norskekysten og dermed også handelen med kontinentet.
Avaldsnes si strategiske plassering midt i skipsleia kan etter kvart ha pressa fram behovet for ei legal ordning som sika ferdsla langs Norskekysten. Det er ting som tyder på at Avaldsnes heilt sidan yngre romartid (200-talet) kan ha vore ei libero portu Regio, kongeleg frihamn, ein stad der kongen sikra at potensielle fiendar, mot avgift, kunne passere eller ankre opp med sine varer.
Stormennene langs kysten kan ha sett på konfiskeringa av Asbjørn si kornlast som eit brot på kongen si plikt til å sikre ferdsla gjennom Karmsundet.
Olav Haraldsson blir Olav den Heilage.
Maktkampen mellom Olav og Erling på Avaldsnes set enda meir vondt blod mellom slektene, og leier både til Erling sin død i Soknasundet i 1028 og slaget på Stiklestad i 1030 der Olav Haraldsson blir drepen. Hendinga førte også til at Asbjørn Selsbane var blitt drepen av eit spyd nokre år før – det same spydet, Selshemnaren, som Tore Hund sette i Olav Haraldsson på Stiklestad.
Olav måtte flykta frå Noreg i 1028 då Knut den mektige kom til landet med 50 krigsskip. Olav kjem attende til Noreg i 1030, og møter bondehæren, leia av Tore Hund, på Stiklestad. I dette slaget fell Olav.
Like etter at Olav døyr, skjer det ei solformørking. Det skjer også merkverdige ting med liket. Ein blind mann som får Olav sitt blod i augo, får synet tilbake. Og då Olav sitt lik etter eit år blir grove opp at, kan dei sjå at hår, skjegg og negler har vokse. Olav får tilnamnet den Heilage, og mange pilegrimar kjem til Olav sin gravstad i Nidaros.
Olavskyrkja på Avaldsnes
Håkon Håkonsson vigsla kongskyrkja si på Avaldsnes til Olav den Heilage. Kyrkja blir ein viktig stoppestad for pilegrimar som skal til heilage Olav si grav i Nidaros.
Rundt Avaldsnes er det stadnamn og segner knytta til Olavskulten. Her er det også ei Olavskjelde som pilegrimane vita. (Les meir om dette under Olavssegner)