Kongene

Tekst Marit Synnøve Vea

I 998 kom Odin til Avaldsnes og fortale Olav Tryggvason om kong Augvald og andre konger som hadde levd på Avaldsnes.. (Foto Gunnar strøm)

I 998 kom Odin til Avaldsnes og fortale Olav Tryggvason om kong Augvald og andre konger som hadde levd på Avaldsnes. (Foto Gunnar strøm)

AVALDSNES – NOREGS ELDSTE KONGESETE
Avaldsnes er best kjend som kongsgard for Harald Hårfagre og dei andre kongane vi høyrer om i sagalitteraturen. Men då Harald Hårfagre la hovudgarden sin på Avaldsnes rundt 870 e. Kr., hadde staden vore sete for kongar heilt sidan 200-tallet.

Avaldsnes var kongesete i meir enn 1000 år, frå ca. 200 – 1400 e. Kr, lenger enn nokon annan stad i Skandinavia. Nokre av desse kongane kjenner vi frå kongesagaer, heltesagaer og gamle kvad, andre frå arkeologien.

DEI FØRSTE KONGANE PÅ AVALDSNES VAR SJØKONGAR
Det var fleire basar for sjøkongar langs skipsleia Norðvegr (Nordvegen) frå Rogaland til Trøndelag, men Avaldsnes var den største og viktigaste. Blant dei 13 sjøkongebasane langs Nordvegen, er det Avaldsnes som har flest store gravhaugar, dei rikaste gravfunna og lengst maktkontinuitet.

The first royal seat at Avaldsnes, about 300 AD. To the left; Hall facing Karmsundet: Center of the picture; large long house. The star-shaped stone setting with bauta is the first one we know in Norway, and the largest in Scandinavia. Illustration of Arkikon based on archaeological excavations.

Det første kongesetet på Avaldsnes, ca 300 e. Kr. Til venstre; hall vendt mot Karmsundet. Midt på bildet; stort langhus. Den stjerneforma steinsettinga med 3 bautaer er den første vi kjenner i Noreg – og med dei høgaste bautaene i Skandinavia. Ill. av Arkikon basert på arkeologiske utgravingar.

Sjøkongane hadde havet som sitt domene. Dei reiste ut og skaffa seg venner og alliansepartnarar, og dei drog på tokt for å herja eller slåss mot fiendar. Dei henta heim nye idear, kulturimpulsar og rikdom. Dei var innovative og først ute med nye skikkar og ny teknologi.

Frå dette sjøkongemiljøet vaks det norske kongedømmet fram omkring 900, etter at sjøkongen Harald Hårfagre kom til makta.

HARALD HÅRFAGRE. RIKSSAMLAR OG DYNASTIGRUNNLEGGJAR
Harald Hårfagre starta si karriere som sjøkonge. Han var den første kongen over skipsleia Nordvegen. I løpet av si lange styringstid, blei han også landkonge, og han la dermed grunnlaget for kongedømmet Noreg.

Sagaer og skaldekvad fortel at Avaldsnes var Harald Hårfagres sin viktigaste kongsgard.  Her levde han, her døydde han og her ved Karmsundet blei han gravlagd.

Alle som ville bli kongar i Noreg måtte bevisa at dei var i slekt med Harald Hårfagre. Det var også viktig for dei å stadfesta kongemakta nettopp på Avaldsnes. En openbar grunn til dette var Avaldsnes si strategiske plassering ved Karmsundet. Ein annen grunn var Avaldsnes si tradisjonelle rolle som den heillage steden der kongane kunne vise at dei var i slekt med gudane.

Harald Hårfagre og etterkomarane hans hadde kongsgard på Avaldsnes i ca. 500 år. Mellom desse kongane var Eirik Blodøks, Håkon den gode, Olav Tryggvason, Olav den heilage, Håkon Håkonsson og Håkon V Magnusson.

Les meir:  Avaldsnes – A Sea-Kings’ Manor in First-Millennium Western Scandinavia  Ed. Dagfinn Skre, (Walter de Gruyter GmbH & Co KG2017 )

 

Back