Hjørleiv den kvinnekjære

Tekst Marit Synnøve Vea

Kong Augvald fekk sonen Jøsur som fekk sonen Hjør. Om Hjør blir det sagt at han var ein mektig konge som døydde av sott og blei hauglagt i Rogaland.

Då Hjør døyde, blei sonen Hjørleiv med tilnamnet den kvinnekjære, konge etter far sin. Denne Hjørleiv må på eit tidspunkt også ha lagt under seg (deler av) Hordaland. Det blir også sagt ar han vann seg eit rike i Danmark

Hjørleiv, gift med tre kvinner på same tid
Hjørleiv var først gift med Æsa, dotter av Eystein, jarl i Valdres. Hjørleiv var gåvmild av seg, og rikdommen minka, derfor fekk han laga seg eit særs godt skip for å dra til Bjarmeland i Sibir. Truleg for å få tak i den etterspurte kvalrossen. Halvssaga fortel at dei var 90 mann om bord i skipet.

På ferda mot Bjarmeland var han innom Njardøy utanfor Naumdalen. Der traff han Hilde den Mjåve, dotter til Hogne den rike. Hjørleiv gifta seg med Hild. Ho og Solve, bror hennar, var med i skipet då Hjørleiv drog vidare nordover.

Då Hjørleiv kom heim frå Bjarmelandferda, var Æsa lite glad for at han hadde gifta seg med Hild. Men to dronningar var ikkje nok for Hjørleiv. På ei ferd til Danmark fekk han sjå Ringja, dotter til kong Reidar av Sjelland. Hjørleiv fridde til henne, og fekk ja, av far hennar.

Det gjekk likevel ikkje likare enn at Ringja blei sjuk og døydde på sjøreisa heimover. Mannskapet la henne i ei kiste som dei kasta på havet, og kista rek i land i farens rike. Der blei ho funnen av Heri, bror sin, som meinte Hjørleiv hadde drepe systera.

Havmannen sin spådom
Same hausten kom to av mennene hans Hjørleiv til å fiska ein marmennel, det er ein liten havmann. Dei tok havmannen med seg til kong Hjørleiv.

Medan havmannen var i stova, sløkte to av kjertelsveinane hans Hjørleiv lyset då dei tok ryggtak. Hild kom då til å søla øl på kappa hennar Æsa. Hjørleiv slo til Hild med handa, men Hild sa det var hunden, som låg på golvet, si skuld. Då slo Hjørleiv til hunden. Havmannen lo av dette. Kongen spurte kvifor, og havmannen svara: «Fordi du var dum. Desse to skal berga livet ditt.» Sidan ville han ikkje seia meir.

Hjørleiv lova å føra havmannen ut på sjøen att. Før dei slepte han fri der han var fiska opp or havet, åtvara havmannen Hjørleiv om at Reidar ville koma for å hemna dotter si.

Danskekongen angrip Hjørleiv
Hjørleiv sende då ut bodstikka for å samla hæren sin, men om natta kom kong Reidar med mange mann og omringa garden til kong Hjørleiv. Hjørleiv blei åtvara av gøyinga til hunden Floke som aldri gøydde uten at noko vondt var i ferd med å råka kongen. Hjørleiv klarte derfor å flykta, men garden blei sett i brann og kong Reidar kunne segla bort med mykje hærfang og begge dronningane hans Hjørleiv.

Æsa svik Hjørleiv, Hild bergar han
Same hausten drog Hjørleiv med eit skip i løynd til kong Reidar sin gard. Han lista seg inn dit kvinnene sov, men den einaste han fann var Æsa som nå nytta høvet til å angi Hjørleiv.

Etter Æsa sine råd, blei Hjørleiv hengt opp etter skoreimene mellom eldstadene i kongshallen.

Medan Hjørleiv hang over elden, sat hirda hans Reidar og drakk, og Æsa sat på kong Reidar sitt fang i høgsetet. Ingen såg at Hild lurte seg til å kasta øl over flamane på eldstadene. Så hogg ho over skoreimene som batt Hjørleiv fast, slik at han kom seg fri.

Hjørleiv drap då Reidar. Sidan sette han Solve, bror av Hild, til å styra det riket som Reidar hadde hatt i Danmark. Sidan drog han heim til Noreg med hirda og dei to konene sine.

Folket heime ville at Hjørleiv skulle drepa Æsa for sviket hennar, men Hjørleiv sende henne heim til Valdras saman med medgifta ho hadde brakt inn i ekteskapet, slik ein skulle gjera ved ei skilsmisse.

Kong Hjørleiv døydde seinare i viking.

Hjørleiv og Hild hadde to søner. Den eldste heitte Ublaud, den yngste var Halv – den edle heltekongen – som har fått sin eigen saga dikta om seg; Sagaen om Halv og halvsrekkjene. Les meir om kong Halv på eigne sider.

Augvald si slektsrekkje

Fornjot (Ymir)
Ægir – Kåre (Vind)-   Loge
Frost
Snø
Thorre
 Gor – Nor –             Goe
Gard Agde
Rugalf
Rognvald
Augvald(ca 600 e.Kr.?)
Jøsur
Hjør Jøsurson
  Hjørleiv den kvinnekjære
Halv
Hjør Halvson
(Flein Hjørson)
(Hjør Fleinson)
Geirmund og Håmund Heljarskinn (Landnåmsmenn på Island)

Back