Hjør

Hjør si reise til Bjarmeland. (Ill. Bergsveinn Birgisson ”Den Svarte Vikingen”)

Hjør si reise til Bjarmeland.
(Ill. Bergsveinn Birgisson ”Den Svarte Vikingen”)

Tekst Marit Synnøve Vea

Hjør Halvsson og Ljufvina var konge og dronning på Avaldsnes då Harald Hårfagre tok makta ca 870. Hjør var dermed den siste av Augvald si slekt som var konge på Avaldsnes. Ljufvina var ei mongolskætta prinsesse, mørkhuda og annleis – men like fullt dronning over det norrøne folket ved Karmsundet.

Hjør og Ljufvina hadde to søner; tvillingane Håmund og Geirmund. Dei var mørke i huda, og blei derfor kalla heljarskinn; mørkhuda.

Geirmund Heljarskinn, den svarte vikingen, blei aldri konge på Avaldsnes. Kjeldene kallar han ein sjøkonge som først allierte seg med dublinkongane før han drog til Island og blei «den fremste av alle landnåmsmenn».

Hjør si slekt; kongane som kontrollerte Nordvegen
Kong Hjør kom frå den fremste kongeslekta på Vestlandet. Gjennom stamfaren Augvald kunne han rekna slekta si tilbake til guddommelege vesen. Far til Hjør var den berømte vikinghelten Halv.

I 2012 fann vi rester av eit borganlegg på Avaldsnes. Det blei bygd ein gong mellom 600 og 800 e. Kr. Slike anlegg vitnar om urolege tider.  Var det Augvald eller etterkomarane hans som bygde borga?

I 2012 fann vi rester av eit borganlegg på Avaldsnes. Det blei bygd ein gong mellom 600 og 800 e. Kr. Slike anlegg vitnar om urolege tider. Var det Augvald eller etterkomarane hans som bygde borga? (Foto. Ø. Iversen)

Grunnlaget for avaldsneskongane si makt var kontroll med handel og skipstrafikk langs Nordvegen. Sagaene fortel at avaldsneskongane også sjølve drog på langferder. Det heiter seg at allereie Hjør sin bestefar, Hjørleiv den kvinnekjære, drog til Bjarmeland.

Kong Hjør dreg til Bjarmeland etter kvalross og finn dronninga si
Hjør kjente til Bjarmeland og ressursane som fanst i landet langt mot nord. Kvalross var den viktigaste rikdomskjelda. På grunn av uaktsam fangst, forsvinn kvalrossen frå Nordvegen. Samstundes aukar etterspurnaden. I tillegg til olja og dei verdfulle tennene kalla ”Nordens elfenbein”, treng vikingane kvalross hud (svarðreip) til rigging av skipa som nå blir større og fleire.

Hjør dreg heilt til Bjarmeland etter kvalross. Her finn han bjarmelandsprinsessa Ljufvina som skal bli dronning på Avaldsnes og mor til arvingane hans.

Folket Ljufvina reiste frå
Sikhirtya folket som Ljufvina kom frå, var opphavleg eit mongolsk urfolk i Sibir. Dei heldt til ved kysten, på den austlege grensa i det området norrøne folk kalla Bjarmeland.

Sikhirtya folket levde av å fanga sjøpattedyr, og dei var særs dyktige kvalrossjegerar. Dei skilte seg ut frå andre samojedar ved at dei hadde mørkare hud og snakka eit anna språk. Russiske utgravingar viser at det fanst ein avansert, maritim kultur i Nord-Sibir.

Kart over samojedane sitt landområde.  (Ill. B. Birgisson ”Den svarte vikingen”)

Kart over samojedane sitt landområde.
(Ill. B. Birgisson ”Den svarte vikingen”)

Skriftlige kjelder frå 1500-talet fortel om to typar samojedar. Sikhirtya folket blir omtala som ”dei andre, svarte samojedane“. Ordet shikhirtya er nenetsisk og tyder ”folk med svart andlet/ utsjånad”. I dag er sikhirtya folket assimilert av nenetsarane.

Giftarmålet mellom Hjør og Ljufvina
Giftarmålet mellom Hjør og Ljufvina var ei allianseavtale for å sikra kontroll over handelen med kvalross.

I vikingtida var ekteskapet ei familieaffære som skulle skapa band og alliansar. Motiva kunne vera praktiske, økonomiske eller politiske. Kjærleik tydde lite når det skulle gjerast avtaler om ekteskap. Likevel fann folk kjærleiken, både i og utafor ekteskapet.

Ljufvina, ei mørkhuda dronning på Avaldsnes
Ljufvina dreg frå slekta si, heimen sin og folket sitt i Sibir. Ho kjem til ein framand kultur. Sagaene fortel at Hjør, mannen hennar, ofte er borte på reiser.

Samojedkvinner. Frå Nansen sin ekspedisjon til Sibir tidleg på 1900-talet. Nansen skriv at nokre av dei mørke samojedane han møtte minna om kinesarar av utsjånad.  (Foto: Frå Nansens bok: Gjennom Sibir)

Samojedkvinner. Frå Nansen sin ekspedisjon til Sibir tidleg på 1900-talet. Nansen skriv at nokre av dei mørke samojedane han møtte minna om kinesarar av utsjånad.
(Foto: Frå Nansens bok: Gjennom Sibir)

Korleis hadde Ljufvina det som ei framand, mørkhuda kvinne på Avaldsnes? Hadde ho andre av folket sitt med seg hit? Namnet hennar, Ljufvina, tyder ”den blide venninne”.

Ljufvina byter tvillingane sine bort med sonen til ei trælkvinne
Ljufvina får tvillingane Geirmund og Håmund ca. 850. Hjør er då på reise. Tvillingane liknar mor si. Dei blir omtale som ”stygge, mørke og storvaksne”. Ljufvina byter sønene sine bort med den lyse Leiv, barn av ei trælkvinne, og seier til Hjør at dette er hans son.

Kvifor gjer Ljufvina dette? Er ho redd for at Hjør skal bli skuffa og ikkje godta gutane som sine arvingar fordi dei ser mongolske ut? Vil ho sikra sin egen posisjon?

Då gutane er tre år gamle, avslører skalden Brage Den Gamle ombytinga. Han gjenkjenner ”kongelige” kvalitetar hos tvillingane: Dei er ordvisir, flinke med ord, og dei er leiartypar, som krev sin rett.

To er her inne,
jeg tror godt om begge,
Håmund og Geirmund,
Hjørs sønner.
Den tredje er Leiv,
Lodhotts sønn,
gir du ham mat, kvinne,
blir det verre neste år. (Brage den Gamle)

Då Hjør kjem heim, fortel Ljufvina om ombytinga. Hjør får sjå sønnene sine og kallar dei heljarskinn – mørkhuda. Gutane får likevel sin rette status som kongssøner.

Nenetsarar framføre teltet.  Likna Geirmund og Håmund desse barna vi ser her?  Nenets in front of the tent. Did Geirmund and Håmund look like the children we see here? (Foto: Frå Nansen si bok: Gjennom Sibir)

Nenetsarar framføre teltet. Likna Geirmund og Håmund desse barna vi ser her? (Foto: Frå Nansen si bok: Gjennom Sibir)

Korleis var kjenslene mellom Hjør og Ljufvina?
Kanskje kom dei til å elska kvarandre? Det er ting som tyder på det: Vi høyrer ikkje at Hjør tar seg andre hustruer enn Ljufvina, slik som mange andre kongar i vikingtida. Vi høyrer heller ikkje at han fekk barn med andre enn henne.

Ljufvina sine søner er mørke og liknar på mor si. Ingen ting tyder på at dei har arva noko av utsjånaden til far sin. Likevel stoler Hjør på Ljufvina. Han aksepterer dei mørke tvillingane som sine søner og arvingar.

Vi vet ikkje kva som skjedde med Hjør og Ljufvina då Harald Hårfagre slo seg ned på Avaldsnes. Vi veit meir om kva som skjedde med sønene deira, særlig Geirmund Heljarskinn,

Geirmund Heljarskinn. Den svarte vikingen
Kjeldene kallar Geirmund for ein sjøkonge. Han er på reise når Harald Hårfagre fjernar Hjør frå høgsetet. Kanskje var Geirmund på ein ekspedisjon til Island under slaget i Hafrsfjord? Kanskje var han på handelsferd til Bjarmeland?

Når Geirmund kjem attende til heimtraktene, får han høyra at Harald Hårfagre har tatt makta over Nordvegen. Geirmund kan ikkje dra til slektsgarden på Avaldsnes og krevja odelsrett og kongemakt, i alle fall ikkje ennå. Geirmund dreg til Irland og søkjer lukka i vesterveg.

Geirmund Heljarskinn i Irland
Geirmund blir kalla den mest vidgjetne vikingen «fyrir vestan haf»; i vesterveg. Arkeologiske funn viser at Rogaland er det skandinaviske området som har tettast kontakt med Dublin på 800-tallet.

Nenetsarar. Kan Geirmund ha sett ut som mannen til venstre? (Foto: Frå Nansens bok: Gjennom Sibir)

Nenetsarar. Kan Geirmund ha sett ut som mannen til venstre? (Foto: Frå Nansens bok: Gjennom Sibir)

Kong Hjør har allereie etablert kontakt med makteliten i Irland. Der vest har Geirmund mange kjente og allierte. Blant disse er tvillingbroren Håmund og Ulv Skjalge.

Dublinkongane treng kvalross og storsel til den store skipsflåten sin. Harald Hårfagre har nå tatt over handelen med nordområda og Bjarmeland. Dublinkongane må få desse ressursane frå ein annen stad eller underkaste seg Harald.

Geirmund kjenner til at det finst kvalross på ei nyoppdaga øy i havet: Island. Han allierer seg med dublinkongane, og skaffar dei reip, olje og kvalrosstenner frå Island. Som betaling får han trælar. Han treng arbeidskraft, ikkje gull, i det nye ressurslandet.

Geirmund Heljarskinn på Island
Geirmund blir kalla den fremste av alle landnåmsmenn på Island. Han drog frå Irland med mange folk, fleire av desse var frå Rogaland. Dei blir sentrale personar i det vi kallar «Geirmundveldet». Geirmund hadde også med seg mange trælar frå Irland.

Geirmund sitt landnåm var ved Breidafjordur i vest og nordvest på Island. Det blir sagt at han reid mellom gardane sine med eit følgje på 80 mann. Til samanlikning hadde Harald Hårfagre eit følgje på 60 mann i fredstider.

Kvalrossfangst var grunnlaget for Geirmund si makt. Kunnskap om tilverking og bruk av kvalrossprodukt har Geirmund fått blant slektningane sine i Bjarmeland. Kanskje blei nokre av dei også med han til Irland og Island?

Geirmund sine reiser til Irland og Island.  (Ill. Bergsveinn Birgisson ”Den Svarte Vikingen)

Geirmund sine reiser til Irland og Island. (Ill. Bergsveinn Birgisson ”Den Svarte Vikingen)

Augvald si slektsrekke

Fornjot (Ymir)
Ægir – Kåre (Vind)-   Loge
Frost
Snø
Thorre
 Gor – Nor –             Goe
Gard Agde
Rugalf
Rognvald
Augvald(ca 600 e.Kr.?)
Jøsur
Hjør Jøsurson
Hjørleiv den kvinnekjære
Halv
Hjør Halvson
(Flein Hjørson)
  (Hjør Fleinson)
Geirmund og Håmund Heljarskinn (Landnåmsmenn på Island)

(Teksta er basert på opplysningar i boka ”Den Svarte Vikingen” og gamle skrifter framskaffa av forskar og forfattar Bergsveinn Birgisson.

Bergsveinn Birgisson brukar slektstavla frå mellom anna Landnåmabok der Hjør, gift med Ljufvina, er son av kong Halv. Andre, som P.A. Munch, meiner at kong Hjør gift med Ljuvfina, er soneson til kong Halv. Han meiner to personar med namnet Hjør er blanda saman til ein, og at det har forsvunne to generasjonar på vegen. Dette grunngir han mellom anna med at Halvssaga seier Hjør Halvsson er gift med Hagny, dotter av Hake Håmundsson. Ut frå dette set P.A. Munch opp slektsrekka frå kong Halv til Geirmund Heljarskinn slik:  Halv – Hjør Halvson gift med Hagny – Flein Hjørson – Halv Fleinson gift med Ljufvina – Geirmund Heljarskinn.)

Back