Jomfru Marias Synål
Tekst Marit Synnøve Vea
Bautasteinen «Jomfru Marias synål» er 7,2m høg, men den har vore høgare. Segna fortel at dommedag kjem når toppen av bautaen rører kyrkjeveggen. Det blir sagt at opp gjennom tidene har avaldsnesprestane i ly av nattemørket hogge bitar av toppen – og slik har dei redda verda frå undergong. I dag er avstanden mellom bautaen og kyrkjeveggen 9,2cm!
Segna knytta til Mikaelskulten?
Dommedagssegna knytta til «Jomfru Marias Synål» kan ha svært gamle røter. Namnet kjem av ei runeinnskrift som i dag er uleseleg.
Runeinnskrifta blei på 1600-talet skriven ned og tyda som «Mikjael Mariu næstr» (Mikael, nest etter Maria i rang). Erkeengelen Mikael er den som skal blåsa i luren og leia sjelene inn til dommedag. Det er også Mikael – i gammal tid kalla for englane sin hovding – som skal vega kven som skal til himmelen og kven som går fortapt.
I dei fyrste kristne tider – før kyrkjene blei bygde – var det vanleg å vigsla heidenske kultstader til erkeengelen Mikael. Dette kan også ha skjedd på Avaldsnes, og denne gamle, heidenske bautaen kan i mellomalderen ha fått ein funksjon i Mikaelskulten.
Til og med kong Håkon Håkonson som bygde kyrkja på Avaldsnes hadde respekt for dommedagssteinen; kyrkjeveggen i nord blei skråa for å unngå kontakt med steintoppen.
I andre segner blir «Jomfru Marias Synål» knytta til Heilage Olav og trollet Sigge. (Sjå Olavssegner) Og framleis kan denne steinen få folk til å sjå underlege ting: Også i dag er det folk som hevdar at dei har sett eit merkeleg grønt lys omslutta den gamle bautaen på Augvald sitt nes.
Olavskyrkja på Avaldsnes skal vera bygd på ein gammal heidensk kultstad med fem kjempesteinar. Etter tradisjonen var det Olav Tryggvason som bygde den første kyrkja inni krinsen av heilage bautasteinar. I dag er det berre bautaen «Jomfru Marias Synål » som står på sin opphavlege plass.
Jomfru Marias Synål er også knytta til segnkrinsen omkring Olav den Heilage (Sjå Olavssegner)