Langhus

Tekst Marit Synnøve Vea

Langhuset på Vikinggarden er ein rekonstruksjon av eit langhus funne på garden Oma i Time kommune, Rogaland. Huset er frå ca 950 e.Kr., dvs på den tida Håkon den gode hadde kongsgard på Avaldsnes.

Camminskrinet. Relikvieskrin

Camminskrinet. Etter Claus Ahrens. Früe Holzkirchen im nordlichen Europa, 1982

Det ca. 24m lange grindbygde huset stod ferdig i 1997, og det er i hovudsak bygd av eik og furu. Langveggene er bua, mens taket er dobbeltkrumma, som eit kvelva skip, noko som gir ein svært stabil konstruksjon. Det er tekka med ca 100.000 handhogde takspon.

Steinmuren som går rundt huset, er for tida teken ned pga. vedlikehald av veggene. I førhistorisk tid bygde folk slike murar omkring husa til vern mot vær og vind. Ofte er det desse murane vi finn att i terrenget. Rutene i dei små vindauga er eit mineral som heiter muskovitt, betre kjent som kråkesølv. Både tak og vegger må annakvart år smørjast inn med milebrend tjøre.Som grunnlag for rekonstruksjonen har vi, i tillegg til det som blei funne på den arkeologiske tomta, brukt husforma gravsteinar (hogbacks) frå vikinggraver i Storbritannia,relikvieskrin forma som hus og broderte hus på veggteppe frå vikingtida.

Etter Holger Schmidt. Building customs in Viking Age Denmark 1994

Gravstein (hogback). Etter Holger Schmidt. Building customs in Viking Age Denmark 1994

Interiør
Innvendig er huset delt i fleire rom. Heilt i søre enden er eit lager til ved og anna utstyr. Rommet du fyrst kjem inn i, har to dører og blei brukt til grovarbeid. Det største rommet har ein eldstad i midten og pallar langs veggene. Om dagen blei pallane brukt som sitjebenker, om nettene fungerte dei som senger.  Skinn og teppe  dekkjer veggene, vernar for trekk og held varmen innandørs.

Røyken frå eldstaden fer ut gjennom ein ljore i taket. Møblane og inventaret er kopiert så nøyaktig som mogeleg på grunnlag av funn og skildringar i sagalitteraturen. På stolpane er det festa lampar fylde med fiskeolje, og veiken er laga av innmaten i lyssiva du ser veksa på markene kring garden. Om kvelden gir desse lampane, saman med eldstaden, eit fint lys i huset. Frå hovudsalen, kan du gå inn i kvinnekammeret der du m.a. finn ein oppstadvev.

Heilt i nordre enden har bonden og husfrua sitt eige sovekammer. På kalde kveldar kunne dei varma opp kammeret ved å ta med seg sandfylte kar med varme steinar frå eldstaden.  Eit hus som dette var heim for ein storfamilie med foreldre, barn, besteforeldre og kanskje ein ugift onkel og nokre trælar.

Les  meir om langhuset: Jochen Komber:  Avaldsnesprosjektet – Vikingtidens byggeskikk i et nytt perspektiv  (Rikssamlingen – høvdingmakt og kongemakt, Karmøyseminaret 1996).

Back