Andre bygningar

Tekst: Marit Synnøve Vea

Utvendig er dette ein rekonstruksjon frå eit hus funne på Ytre Moa, Sogn. (Foto Marit Synnøve Vea)

Utvendig er dette ein rekonstruksjon frå eit hus funne på Ytre Moa, Sogn. (Foto Marit Synnøve Vea)

DET ER FUNNE FÅ BYGNINGAR FRÅ VIKINGTIDA I NOREG
Det er funne mange forhistoriske hus i Noreg, både frå bronsealder, romartid og folkevandingstid. Likevel er det funne få hus frå vikingtida. Hadde det ikkje vore for mange vikingtidsfunn frå graver og depot, kunne ein trudd at Noreg opplevde ei sterk befolkningsnedgang i denne perioden.

Forskarane spekulerer på kvifor ein sjeldan finn bygg frå vikingtida. Nokon meiner der er fordi vikingtidsbygga ligg på same staden som nåverande driftsbygningar og bustadhus på dei ulike gardane, andre meiner ein leiter etter feil type byggningar. Om til dømes lafteteknikken var blitt vanleg byggeskikk tidlegare enn antatt, vil det vera vanskelegare å finne lafta hus enn hus med nedgrovne stolpar.

SERVICEBYGG 1
Servicebygg 1 ligg like ovanfor kaien. Huset er utvendig bygd på grunnlag av arkeologiske funn på Ytre Moa i Sogn. Byggematerialet er eik og furu, og taket er tekka med torv. Under torva ligg det never. Innvendig rommer bygningen moderande fasilitetar som WC, dusj og garderobe.

SERVBICEBYGG 2

Overnattingsbygg. Huset er bygd som eit tradisjonelt, grindbygd hus,  men sidan det blir nytta som kontorbygg, har det fått vindauge i gavlen.

Overnattingsbygg.
Huset er bygd som eit tradisjonelt, grindbygd hus. (Foto Marit Synnøve Vea)

Dette blir nytta som kontorbygg.

OVERNATTINGSBYGG
Overnattingsbygget er bygd som eit tradisjonelt grindbygd hus. Det blir nytta som overnattingsbygg for leirskoleelevar. Huset har små vindauge med glimmerruter i gavlen. Det er funne fleire slike hus med rette vegger under utgravingar av «vikingbyar». Slike hus var imidlertid ikkje vanlege på norske gardar i vikingtida. Så langt ein veit av eit funnfattig materiale, var dei bua langveggene dominerande her.

SKJUL OG BODER
Fleire stader på garden finst større og mindre skjul og boder som blir nytta til ulike føremål. Nokre er redskapsskjul, nokre blir brukte til lager, nokre blir brukte som verkstad, nokre blir nytta når det er dyr på garden etc.

KAI
Like nedanfor servicebygget ligg ein stor kai som kan ta imot anløp av større båtar.

Back