Storhaug kongen

Tekst: Marit Synnøve Vea

Storhaug låg eit stykke nord for kongsgarden saman med mange andre store gravhaugar som vendte seg mot Karmsundet. Foto Gunnar Strøm

Storhaug låg eit stykke nord for kongsgarden saman med mange andre store gravhaugar som vendte seg mot Karmsundet. Foto Gunnar Strøm

Sommaren 779 blei ein mektig konge gravlagd i eit stort skip på Avaldsnes. Med seg i grava fekk han også ein mindre båt, slede, hest, våpen, gullring på armen og mange andre rike gåver.

Kongen i Storhaug hadde gjort Avaldsnes til sentrum i eit vestnorsk kongerike med Rogaland og Sunnhordland som kjerneområde.

Han grunnla dette riket etter frankisk mønster og han hadde nær kontakt med frankarane. Dette kongeriket var det Harald Hårfagre erobra eller arva då han starta den norske rikssamlinga.

Guddommeleg opphav – nødvendig for å ha rett til å herska.
Når ein konge døyr, blir samfunnet sin eksistens trua. Kongen var ein viktig del av det limet som batt samfunnet saman. Det var viktig å sikra samhald blant folket, og eit best mogeleg fundament for den nye herskaren.

Folk frå nær og fjern deltok i rituala som var nødvendige når ein konge skulle gravleggjast. Kanskje gjekk det både veker og månader før grava i Storhaug blei lukka. I lang tid kunne folk som segla gjennom Karmsundet sjå gravskipet med den døde kongen oppe på åskammen. Til sist blei det bygd ein stor gravhaug over kongen og skipet hans. Denne gravhaugen var blant dei største av mange store gravhaugar som kneisa mot synsranda på begge sider av Karmsundet. Derfor kalla folk han for Storhaug.

Storhaug slik den må ha sett ut før utgraving. Storhaug før var opphavleg ein av Noregs største gravhaugar, mellom 40 - 50m i dm  og 5 - 6 m høg. Slik den låg, på eit lite platå der       Karmsundet er smalast, virka den enda høgare. Foto Jenny Rita Næss, AmS

Storhaug slik den må ha sett ut før utgraving. Storhaug var opphavleg ein av Noregs største gravhaugar, mellom 40 – 50m i dm og 5 – 6 m høg. Slik den låg, på eit lite platå der Karmsundet er smalast, virka den enda høgare. Foto Jenny Rita Næss, AmS

Skipsgraver er alltid aristokratiske graver, og det er berre funne 14 slike graver i Nordvest-Europa. Den storslåtte gravlegginga med skip, hest og gullring i Storhaug var ei kultisk handling som skulle visa at den døde kongen var i slekt med gudane. Den skulle også sikra at gudane si velsigning blei overført til den neste herskaren.

Avaldsnes. Kongane sin heilage stad
Opphavsmytar knytt til mytologiske og historisk kjente kongar, er assosierte med Avaldsnes. Avaldsnes fekk ei viktig mytologisk og historisk rolle som den heilage staden der kongane tradisjonelt blei gravlagde.

Blei Storhaugfyrsten gravlagt på Avaldsnes for å knytte ei ny kongeslekt til ein slik gammal og heroisk tradisjon – nokre meiner at Harald Hårfagre hadde slektsrøter på Avaldsnes også før rikssamlinga? Eller var Storhaugfyrsten ein av Augvald sine etterkomarar, slik dei fleste framleis trur? Det er nemleg ingen skriftlege kjelder som fortel av augvaldsætta flytta bort frå Avaldsnes, før Harald kom hit rundt 870.

Kven er gravlagd i Storhaug?
Gjennom hundreåra gløymde folk kven som var gravlagd i Storhaug. Etter at haugen i 2009 ble årringsdatert til å vera frå 779, kan me byrja å spekulera på kven han var, ved å bruka slektsrekkene i gamle fornsagaer og kvad som fortel om kongar som budde på Avaldsnes, – også før Harald Hårfagre og hans rikssamling.

Armring av gull frå skipsgrava Storhaug, 779. Flatøyboka fortel at kong Halv også hadde ein stor gullring.   (Foto Historisk museum, Bergen)

Armring av gull frå Storhaug, Flatøyboka fortel at kong Halv også hadde ein stor gullring. (Foto Historisk museum, Bergen)

Det er uråd å seia kor lenge kvar konge i desse genealogiane levde. Det kan også vera at nokre namn er forsvunne frå slektsrekkene, og fleire personar med same namn kan ha smelta saman til ein. Om ein tar omsyn til dette, er det to personar som peikar seg ut til å vera kongen i Storhaug. Det er Hjørleiv den kvinnekjære og Halv.

Soga fortel at Hjørleiv var gift med tre kvinner på same tid: Åsa den lyse frå Valdres, Hild den mjåve frå Møre og Ringja, dotter av Reidar danskekonge. Hjørleiv hadde rike i Rogaland og Hordaland, og vann seg også eit rike i Danmark. Det blir fortalt at han drog på Bjarmelandsferd, og at han døyde i viking. (Meir om Hjørleiv)

Halv Hjørleivson var ein stor helt i si eiga samtid, og han har fått ein eigen saga dikta om seg: Sagaen om Halv og halvsrekkene. Halv og mennene hans drog i Austerveg i 18 år. Dei kjempa mange slag, og alltid vann dei. Om Halv og krigarane hans blir det sagt at dei aldri minka seglet og aldri søkte hamn, uansett storm, men låg ved yttarste neset. Dei brukte korte, einegga, saksiske sverd for å koma nær innpå fienden. Det blir likevel sagt om Halv og halvsrekkene at dei aldri hærtok kvinner eller barn, og at Halv gav det påbodet til mennene sine at dei skulle ekta kvinna med gåve

Halv overtok det riket i Rogaland og Hordaland som faren Hjørleiv hadde hatt, og mora Hild gifta seg med Åsmund hordakonge. Ein gong Halv kom frå hærferd, blei han sviken av stefaren som sette fyr på halla der Halv og mennene hans var. Det blir sagt at Halv lo då han døydde. (Meir om Halv)

KVA GRAVGODSET I STORHAUG FORTEL
Skipsgrava Storhaug ligg på Gunnarshaug, litt nord for sjølve kongsgarden på Avaldsnes. På Gunnarshaug var det i si tid heile 13 gravhaugar. Storhaug blei utgraven i 1886. Bøndene hadde då brukt deler av skipet til brensel. Det gravgodset som var attende, viser likevel til ei særs rik gravlegging.

Akvarell av relingsbord med årehull og øverste planke i skipssida. Akvarellen viser det inntrykk Lorange fekk av skipssida. Shetelig seier teikninga er misvisande. Årehulla er skorne heilt ned i kant med den øverste tjukke relingsplanken. Nederst ser vi landgangsplanken. (Foto Svein Skare,  Skipsvborda i Storhaug var 6 cm tjukke.Bergen Museum)

Akvarell av relingsbord med årehull og øvste planke i skipssida. Akvarellen viser det inntrykk Lorange fekk av skipssida. Shetelig seier teikninga er misvisande. Årehulla er skorne heilt ned i kant med relingsplanken. Nederst ser vi landgangsplanken. Skipsborda i Storhaug var 6 cm tjukke (Foto Svein Skare, Bergen Museum)

Skipet
Storhaugskipet var av eik og svært solid bygd. Sjølve kjølen var ca 22m, det vil seia at skipet opphavleg må ha vore minst 27m langt. Skipsborda var kraftige, heile 6 cm tjukke. Det må difor ha vore eit havgåande fartøy, bygd for tøff sjøgang.

Det store skipet var sett inn i ein merkeleg steinkonstruksjon som me ennå ikkje kjenner den rette tolkinga av.

Båt, hest og slede
I tillegg til den store skipet hadde kongen fått ein mindre båt og ein hest med seg i grava. Shetelig seier det også var rester av ein slede i grava. Skipet, båten, hesten og sleden skulle truleg hjelpa han til å nå dødsriket.

Armring av gull
Storhaugkongen hadde også fått med seg ein vakker armring av gull. Slike armringar er svært sjeldne i vikingtidgraver.

Frå mytologien veit vi at Odin kasta ringen Draupne i Balder sitt gravskip. Ringen skulle gi Balder den status han hadde krav på i dødsriket. Sidan sendte Balder ringen attende til gudane, slik at kjærleiksguden Frøy kunne vinna den vakre Gerd, gifta seg med henne og få barn. Ringen er symbolet på den heilage sirkelen; fødsel død og ny fødsel.

Det låg også ein bronsering i grava.

I Storhaug blei det funne to sett spelebrikker.  Spelebrikkene i rav var opphavleg 20 stk. Spelebrikkene i glass var fordelt slik: 12 blå, 4 gule og 1svart. . Foto Bergen Museum.

Hnefatafl?
I Storhaug blei det funne to sett spelebrikker. Spelebrikkene i rav var opphavleg 20 stk. Spelebrikkene i glass var fordelt slik: 12 blå, 4 gule og 1 svart. Foto Bergen Museum.

To sett brettspel
Blant gravgåvene var to sett kostbare brettspel, éit med spelebrikker av rav, éit med spelebrikker av blått og gult glas.

Spelebrikkene blei truleg brukte til brettspelet Hnefatafl. (Gammalnorsk for ”Kongens bord”) Hnefatafl blei spelt i Norden og England, i alle fall frå 700-talet og inn i mellomalderen. Spelet er ein slags variant av sjakk, der hirda skal forsvara kongen mot angriparar ved å bringa han trygt inn i ei av borgene på brettet.

I Haraldskvadet står det at Harald sine ”raske krigarar” spelar brettspel i tunet på kongsgarden. Eddadiktet Voluspå fortel at også gudane spelte brettspel på Idavollen.

To frankiske sverd
I grava låg det eit einegga og eit tveegga sved. Desse kan vera ei gåve frå frankarkongen. Slike sverdpar finn ein også i aristokratiske graver i Frankarriket frå denne tida. I Vest Noreg er det svært sjeldan å finna tveegga sverd frå 700-talet. Begge sverda låg i slirer.

Våpensamansettinga slik vi ser i Storhaug, blir sett i samband med frankiske ryttargraver, der Storhaug representerer det øvste nivået.

Pilekogger, spyd, lanse og kniv
Pilekoggeret er svært spesielt. Det består av 24 tynne jarnplater som er rulla saman til røyr og bunta saman. Truleg låg det ei pil i kvart røyr, kanskje for å beskytta dei verdfulle styrefjæra? Utanpå var koggeret trekt med skinn med hårsida inn. Det er ingen ting bevart av sjølve bogen.

Pil og boge var både jaktvåpen og krigsvåpen. Så store kogger som det i Storhaug, var truleg eit krigsvåpen laga for ein ryttar.

Kart Iver Frankarriket. (Ill. Dag  Frognes i boka "Norge blir et rike", T. Titlestad

Kart Iver Frankarriket. (Ill. Dag Frognes i boka «Norge blir et rike», T. Titlestad

Treverk og jarnreiskapar
I Storhaug blei det funne mykje treverk og mange jarnsaker. Shetelig meiner at noko av treverket var frå ein slede.

Mange av jarnsakene er samanrusta. Det er vanskeleg å sjå kva dei har vore, men det ser ut til at i alle fall noko av det var smedverktøy.

Merkverdige gjenstandar
To uforklarlege ting er funne i Storhaug. Det eine er ei vokskake der det er prikka inn eit kristent korssymbol. Storhaug er ei heidensk grav, men kan korssymbolet tyde på kristen påverknad allereie på siste del av 700-talet?

Det andre var ei fjær som låg i ein boks. Kva var så spesielt med denne fjæra at ho måtte leggast i ein boks? Var det ein fjørpenn? Hadde kongen i Storhaug lært seg å skriva?

NÆR KONTAKT MED FRANKARRIKET

Storhaugfyrsten, ein alliert av frankarkongen?
Storhauggrava var ei overdådig rik grav i ei tid som hadde vore prega av enkle og fattige graver. Det tyder på at eit nytt kongerike er blitt grunnlagt. Nokre få herskarar har fått stor makt på andre sin kostnad.

Gravgåvene i Storhaug viser nær kontakt med frankarane. Blant anna hadde han fått to vakre frankiske sverd med seg i grava. Kanskje var desse sverda ei gåve frå frankarkongen?

Frankarane treng allierte i nord.
Nye store handelsstader blei grunnlagde på 700-talet. Handelsvegane frå Kontinentet og nordover blei myke viktigare, blant desse også Nordvegen langs Vestlandet til Nord-Noreg.

Varene frå Nord-Noreg og frå fjella var verdfulle og alle disse varene måtte transporterast forbi Avaldsnes. Kanskje herskarane på Avaldsnes kravde inn toll på alle varer som ble ført forbi, for så å selje varene på dei store handelsstadene på Kontinentet? Frankarane hadde behov for slike varer, og dei hadde behov for allierte i nordområda.

Frankarriket – den nye stormakta i Europa
Frankarane blei den nye stormakta i Europa på 700-tallet. Dette må ha inspirert mange småkongar til å freista å danne større rike organisert etter frankisk modell.

Storhaugfyrstens kongsgarder
KARTFORKLARING
Stader med kongsgardliknande funksjonar på 700 talet (etter Opedal 1998)
¤ Mannsgraver med hesteutstyr. (Etter Meling 2000)
•••• Kommunikasjonsårer i jarnalder (etter Elvestad 2005, 2007)
Sentrale fjelloverganger (etter Ringstad 1987)

Riker bunde saman av lojalitetsband mellom storfolk
I Noreg var Storhaugkongen ein slik herskar som gjennom kontakt med frankarane såg at det var mogeleg å danna eit større rike. Desse rika blei bundne saman av lojalitetsband mellom storfolk, ikkje grenser som i vår tid, og lojalitetsbanda blei stadfesta av gåver i form av ringar, hestar og våpen.

Graver med hest og hesteutstyr- storhaughøvdingen sitt krigararistokrati?
I Vest-Noreg finn vi graver med hest og hesteutstyr. På Kontinentet var slike graver knytte til eit krigararistokrati og ei aukande sentralisering bygd på gåver og alliansar.

Kartet viser konturane av eit alliansenettverk mellom Avaldsnes og dei tilgrensande områda. Kanskje tilhøyrde mennene i desse gravene Storhaugfyrsten sitt krigararistokrati?

I området rundt Avaldsnes finn vi gardar med rike funn frå same tid som Storhauggrava. Vi trur dette var kongsgardar som samen med Avaldsnes utgjorde kjernen i det nye riket.

Arve eller erobra Harald Hårfagre desse kongsgardane?
Avaldsnes og Fitjar blei Harald Hårfagre sine kongsgardar etter rikssamlinga på slutten av 800-talet. Også dei andre av storgardane på kartet er blitt assosiert med kongemakta.

Kjernen i Harald Hårfagre sitt rike var truleg etablert og i funksjon alt på 700-talet. Erobra den legendariske Harald eit gammalt rike her etter slaget i Hafrsfjord? Eller var Harald Hårfagre arving til dette riket og brukte det som startstad for rikssamlinga?

 

Back