Halv

Tekst Marit Synnøve Vea

Kong Halv var tippoldebarn av kong Augvald. Truleg levde han ein gong på 700-talet. Namnet Halv/Halfr skal visst nok koma av há-alfr = høg alv. Nokon har også føreslått at namnet kan koma av det urnordiske Haþuwulafr = stridsulv,

Armring av gull frå skipsgrava Storhaug, 779. Flatøyboka fortel at kong Halv også hadde ein stor gullring.   (Foto Historisk museum, Bergen)

Armring av gull frå skipsgrava Storhaug. I Norna-Gests þáttr blir det fortalt at Ulv den Raude kjem til Olav Tryggvason med ringen Hnituðr som hadde tilhøyrd kong Halv:           «Ulv brakte med seg til kongen mange fine saker som han hadde fått tak i om sommaren, blant dei ein gullring som blei kalla Nitud. Den var nita saman av sju stykke, og kvart stykke hadde eigen farge. Den var av betre gull enn andre ringar. Ringen hadde Ulv fått av ein bonde som heitte Lodmund. Tidlegare hadde denne ringen tilhøyrd kong Halv, som dei vidkjende halvsrekkene har fått namn etter.»

Det er fyrst og fremst i fornsagaen Halv og halvsrekkene me få høyra historia om denne vikinghelten som må ha vore berømt i si eiga samtid, men også i annan norrøn litteratur har han sett spor etter seg.

I kvadet Ynglingatal (890 – 900) blir Halvs bane brukt som kenning for elden. (Halv blei brent inne av stefar sin). Dette tyder på at Halv var godt kjent i århundra etter at han døydde. Eddadiktet Hyndluljod seier (alt etter kva omsetjingar vi ser på) …. og Hild haver Haalfr avlet/ Hild var Halv si mor/ men den eldste broren var nemnd (H)Alv. I den forne Gudrunkveda heiter det at Gudrun, etter at Sigurd Fåvnesbane er død, sorgtung går av fjellet fem dagar til endes, til høge halli åt Halv eg fekk sjå. I Norna-Gests þáttr i Flatøyboka blir det fortalt om Hnituðr, ein flott gullring som Halv skal ha ått. Det færøyske diktet Alvur kongur handlar også om Halv.

Korleis Halv vel seg mannskap til vikingferda
Sagaen om Halv og halvsrekkene (= Halv sine kjemper) fortel at då Halv var 12 år gammal, var han stor og sterk som ingen andre. Han hadde eit nytt, fint skip og etla seg til å dra i viking, men ville berre ha med seg dei beste blant menn. Derfor blei det sett strenge krav til dei som skulle få vera med i skipet.

Den fyrste som blei valt, var Innstein frå Hordaland. Det er Innstein sin son, Ottar, som er hovudperson i Hyndluljod. Innstein var 18 år og blei rådgjevar for Halv, ingen yngre enn han skulle vera med på ferda, om ein då ser vekk frå Halv sjølv.

Heime på garden stod ein stor stein, berre dei som makta å løfta steinen frå jorda, fekk vera mannskap på skipet. Berre dei som var så djerve at dei aldri viste frykt, tala motlaust eller klaga seg for sår, blei valde ut. Blant dei utvalde var to brør som blei kalla Rok den Svarte og Rok den Kvite. Rok den Svarte kom seinare til å dikta kvad om kong Halv og mennene hans.

Til sist stod dei att med 23 mann frå 11 fylke. Desse var det som først blei valde til å fylgja Halv i viking, desse og ein til. Det var Stein, bror av Innstein.

Stein var ikkje eldre enn Halv, og fekk på grunn av alderen ikkje følgja med dei andre. Han la derfor av stad og stilte seg på eit nes og venta til skipet hans Halv kom siglande framom i hard sjø. Stein bad om å få vera med på skipet. Han fekk då koma om bord, og Halv sette han til styra skipet. Frå då av blei Stein kalla Utstein sidan han stod ute og venta. Nå var dei 24 mann om bord.

Halvsrekkene (Halv sine kjemper)
Halvsrekkene blir dei kalla, dei som var mannskap hos kong Halv. Kvar enkelt av dei hadde styrke som tilsvara 12 vanlege menn. Det heiter seg at Halv aldri ville ha meir enn 60 mann ombord i skipet sitt.

Halv og mennene hans drog i Austerveg i 18 år. Dei kjempa mange slag, og alltid vann dei.

Om Halv og krigarane hans blir det sagt at dei aldri minka seglet og aldri søkte hamn, uansett storm, men låg ved yttarste neset. Ein gong kom storstormen over dei på havet. Det vanlege var då å kasta lodd om kven som skulle hoppa først på sjøen for å letta skipet, men mennene til Halv slåss om å få hoppa først mens dei ropte: ‘Strålaust er det framom stokkane.» Det tyder at den som hoppar i sjøen, slepp å døy på sotteseng, dvs av sjukdom.

Halv og krigarane hans batt ikkje sår dei hadde fått før det var gått eit døgn, og dei brukte korte, einegga, saksiske sverd for å koma nær innpå fienden. Det blir likevel sagt om Halv og halvsrekkene at dei aldri hærtok kvinner eller barn. Det blir også sagt at Halv gav det påbodet til mennene sine at dei skulle ekta kvinna med gåve. Det vil seia at dei skulle oppføra seg høvisk mot kvinner.

Halv blir sviken av stefaren
Halv var son av Hjørleiv den kvinnekjære. Då Hjørleiv døydde i viking, gifta Hild den Mjåe seg med kong Åsmund som fostra Hjørleiv sine søner. Halv hadde rike i Rogaland og Hordaland. Han kom heim frå hærferd til riket sitt og drog også til Hordaland der stefaren kom han i møte. Åsmund svor truskap til Halv og bad han og halve hæren til gilde.

Innstein, som var sanndrømt, åtvare Halv og fortalde han hadde hatt vonde draumar om at Åsmund ville svika dei, men Halv meinte det var ærelaust om ein konge ikkje kunne tru på dei orda ein annan konge hadde svore.

Så drog Halv og mennene hans opp til Åsmund sin gard der dei fekk ei storslagen mottaking med mykje mat og mykje drikke. Så mykje drikke blei skjenka i horna deira, at halvsrekkene snart sovna, alle saman. Då sette Åsmund slåer framfor dørene og sette fyr på hallen.

Halv døyr leande
Halv og mennene hans vaknar ikkje før hallen er full av røyk og flamar. Halv ropar då at dei skal springa på veggene, slik at stokkane fell. Så gjer dei det og kjem seg ut.

Men ute står Åsmund og hæren hans og ventar på dei halvkvalte mennene som kjem ut av hallen. Ein etter ein blir slakta ned. Dei av halvsrekkene som var att på skipet, kjem også. Kampen varer heile natta, men dette er den strida halvsrekkene ikkje kan vinna, overmakta er for stor.

Innstein er ein av dei som fell. Saman med Rok den Kvite, segnar han om ved sidan av Halv. Før Innstein døyr, seier han at Halv lo då han døydde, og lagar dette kvadet medan han fell saman attmed hovudet til den døde kongen sin:

På 1990-talet blei det reist ein bauta til minne om kong Halv på Avaldsnes, mange hundre år etter at han blei drepen. Runeinnskrifta på steinen fortel fortel at

I 1998 blei det reist ein bauta til minne om kong Halv på Avaldsnes, mange hundre år etter at han blei drepen. Runeinnskrifta på steinen fortel at «Holmrygene reiste denne steinen over kong Halv.» Foto Marit S. Vea

Eg var ute i 18 somrar,
fulgte fullhuga
i blodig leik;
ikkje slåss eg
for annan hærkonge,
og vil ikkje heller
verta gammal

Her lyt Innstein
halla seg ned
ved hovudet
til kongen sin;
Sidan kan soga
seia det
at Halv konge
lo då da døydde. (Sagaen om Halv og halvsrekkene)

Halv blir hemna
Rok den svarte og Utstein overlever slaget, og går saman med Halv sin son Hjør for å hemna seg på Åsmund for sviket mot Halv og mennene hans. I Historia rerum Norvegicarum skriv Tormod Torfæus slik om dette:

Den følgende sommeren samlet Hjør, kong Halvs sønn, Solve, Sveriges konge, Halvs onkel, Hake, Skånes småkonge, i følge svigersønnen Rok, og Øystein, småkongen i en del av Danmark, fulgt av Utstein. Med samlede styrker drog de med en enorm flåte mot Hordaland for å hevne drapet på Halv. Det var lett å se hvor mektig Åsmund var, når så mange og så store konger, med Solve som den fremste av dem, slo seg sammen for å bekjempe ham. Og han var verken uforberedt eller mismodig, for han støtte sammen med dem med stor kampiver i et skikkelig slag og stod i lang tid imot et angrep fra de sterke kongene.

Det er rimelig å tro at han ble holdt oppe ved hjelp av forbundsfeller, men til siste synes seieren å ha påtatt seg forsvaret av saken og fulgt dem som var sterkest når det gjaldt antall og krefter. Åsmund falt i slaget.

Rok den svarte: Viking og skald som fortel om kong Halv
Soga fortel at Rok og Utstein heldt fram som vikingar i lang tid. Rok var i teneste hos den skånske kong Hake, utan at nokon visste kven han var. Han var støtt sorgtung og måtte tåla mange nedverdigande ukvemsord av folk som ikkje visste kven han var. Til sist brast det for han, og Rok fortalte at han var ein av halvsrekkene. Etterpå var det ingen som våga å håna han.

Rok var også skald, og mange av versa han skal ha dikta, finst i Sagaen om Halv og Halvsrekkene. Slik fortel Rok den svarte om kong Halv medan han er hjå den skånske kongen:

Halv såg eg
svinga sverd tvehendes.
Skjoldlaus gjekk gjeve fyrsten
Hevare hærmann,
hugprydare,
vert ikke funnen
vide om land

Folk som ikkje veit
seier at Halv
var heldig i dårskap
Ikkje kjenner dei
norske kongen
som skuldar han
for skøyteløyse

Han bad oss aldri
ottast dauden,
og ikkje tala
udjerve ord;
ingen måtte
meisteren fylgja
utan han heldt
hovding lova.

Medan Rok var ved den skånske hoffet, blei han forelska i Hake si dotter Brynhild som han gifta seg med.

Augvald si slektsrekke

Fornjot (Ymir)
Ægir – Kåre (Vind)-   Loge
Frost
Snø
Thorre
 Gor – Nor –             Goe
Gard Agde
Rugalf
Rognvald
Augvald(ca 600 e.Kr.?)
Jøsur
Hjør Jøsurson
Hjørleiv den kvinnekjære
Halv
Hjør Halvson
(Flein Hjørson)
  (Hjør Fleinson)
Geirmund og Håmund Heljarskinn (Landnåmsmenn på Island)

Hovedfoto/illustrasjoner: Eva Gjerde, Historisk museum,Bergen

Back