Håkon V Magnusson

Tekst: Marit Synnøve Vea

Kongebrev utstedt av Håkon V på Avaldsnes i 1308.  Det er eit vernebrev for domkapitlet i Nidaros og viser at kongen tok seg av regjeringsaker medan han var på Avaldsnes.

Kongebrev utstedt av Håkon V på Avaldsnes i 1308. Det er eit vernebrev for domkapitlet i Nidaros og viser at kongen tok seg av regjeringsaker medan han var på Avaldsnes.

(Hákon Háleggr – Håkon den langbeinte) (1270 – 1319) Konge i Noreg frå 1299 – 1319

Håkon V Magnusson var soneson av Håkon Håkonsson.  Faren var Magnus Lagabøte Håkonsson og mora var Ingeborg Eiriksdatter av Danmark.

Håkon V overtok makta då broren Eirik døydde i 1299. Håkon V gjorde Oslo til hovudstad sideordna med Bergen.

Håkon V- ein kristen konge med europeiske kontaktar
Sjølv om Håkon V markerte kongemakta i høve til biskopane, la han som person stor personleg vekt på kristendommen og kristen nestekjærleik. Han kledde seg enkelt til dagleg og gav strenge påbod til sysselmennene sine at dei skulle behandla undersåttane rettferdig.

Håkon V gav påbod om at det skulle reisast sålehus for pilegrimar som skulle til heilage Olav sin gravstad i Nidaros. Truleg var det han som let byggja sålehuset ved Avaldsnes.

Håkon V hadde også nær kontakt med dei europeiske kongehusa. Håkon var ein nær venn av den franske kongen Filip den fagre som ved hjelp frå folket hadde fått kontroll over adelen og verdsleg kyrkjemakt. Kanskje var det dette som inspirerte Håkon si kollegiatkyrkjeordning og statsadministrasjon.

Ansikt funne under golvet på Olavskyrkja under restaureringa i 2000. (Foto: Ø.Iversen)

Ansikt funne under golvet på Olavskyrkja under restaureringa i 2000. (Foto: Ø.Iversen)

Håkon V gjer Olavskyrkja på Avaldsnes til kollegiatkyrkje
Håkon V Magnusson, gjorde Olavskyrkja på Avaldsnes til ei av dei fire kongelege kollegiatkyrkjene i Noreg. Dermed fekk Olavskyrkja ei svært viktig rolle i administrasjonen av Vestlandet.

Dei andre kollegiatkyrkjene låg i Oslo, Bergen og Tønsberg. I dag er Olavskyrkja på Avaldsnes den einaste kollegiatkyrkja som framleis står.

At kyrkja blei ei kollegiatkyrke, tydde at kongen sjølv kunne bestemma kven som skulle vera prestar og rådgjevarar. Andre stader var dette ei oppgåve for biskopane. Kollegiatkyrkjene hadde også skriveføre menn som kunne føre kontroll med statsadministrasjonen. Dette var viktig i ei tid prega av konflikt mellom kongemakt og kyrkjemakt,

Ordninga med kollegiatkyrkjer var noko nytt som gav Noreg ei «statskyrkje» midt i pavekyrkja.

Avaldsnes – viktig for Håkon V Magnusson
Håkon V Magnusson var kanskje den av kongane i høgmellomalderen som var mest på Avaldsnes. Frå Håkon V si tid er det bevart 5 kongebrev som kongen skreiv på Avaldsnes. Det viser at kongen tok seg av regjeringssaker medan han var på kongsgarden her.

I 2012 fann Kongsgårdprosjektet ruiner etter kongsgarden frå mellomalderen der kongen og hans kanselli oppheld seg. (Sjå: Håkon Håkonsson)

Håkon V nemner også kongskyrkja på Avaldsnes i testamentet sitt: Men til den sæle Olav si kyrkje på Avaldsnes som er kongeleg kapell, testamenterer me alle klede, bøker og relikvier, som finst i denne kyrkja etc.. I testamentet høyrer vi om ein kvit messehakel i silke, silkestoff med gulltrådar, messeskjorter, korkåper, klede til å henga framfor alteret m.m. (Les: Frå Håkon V Magnusson sitt testamente).

Håkon V – den siste mannlege etterkomar av Hårfagreætta som er konge i Norge.
Håkon gifta seg med Eufemia av Rûgen. Dei fekk dottera Ingebjørg, men ingen son. Håkon endra derfor tronlova og let Ingebjørg gifta seg med ein svensk hertug; Erik Magnusson

3 år gammal blir sonen deira, Magnus, valt til konge i Sverige. Dette skjer i 1319. Same året døyr Håkon V Magnusson. Dottersonen Magnus blir då også konge i Noreg, og vi går inn i ein personalunion med Sverige. Magnus var den første av den svenske Folkung ætta som styrte i Noreg.

Håkon V Magnusson blei gravlag i Mariakyrkja i Oslo.

Back