Eirik Blodøks

Tekst: Marit Synnøve Vea

Eiríkr blóðøx (885 – 954) Konge i Noreg frå ca 931 – 935
Sagaen fortel at Harald Hårfagre hadde mange koner og mange barn. Då han gifta seg med Ragnhild, dotter av den danske kongen Eirik, gav han slepp på 9 av konene sine.

Holmrygske og hordske møyar,
alle frå Hedmark og av håløygætt,
sa han frå seg,
kongen den hugstore,
då han tok kone frå Danmark
(Harald Hårfagres saga)

Saman fekk Harald og Ragnhild sonen Eirik Blodøks som blei fostra opp av hersen Tore Roaldson på Svanøy i Sogn og Fjordane.

Sagaen fortel at Eirik blei påverka av kona si som var ei stridbar kvinne. "Gunnhild kongsmor egger sønene sine til hemn". Ill. C. Krogh)

Sagaen fortel at Eirik blei påverka av kona si som var ei stridbar kvinne. «Gunnhild kongsmor egger sønene sine til hemn». Ill. C. Krogh)

Den sonen Harald var mest glad i
Av alle sønene sine var det Eirik Harald Hårfagre var mest glad i og sette høgast. Då Eirik var 12 år gammal, fekk han fem langskip i gåve frå far sin. Desse brukte han til å dra på hærferd. Først drog han i Austerveg i 3 år, sidan drog han på hærferd til dei britiske øyer i 4 år.

Snorre fortel at:
Eirik var ein stor mann, vakker, sterk og svært modig, ein stor hærmann og sigersæl; han hadde eit ustyrlig sinn, var nådelaus, uvennleg og fåmælt. (Harald Hårfagres saga)

Snorre fortel at Eirik var gift med Gunnhild, dotter til Ossur Tote frå Finnmark. Soga fortel at Eirik let seg påverka av kona si som var:
Ei uvanleg vakker kvinne, klok og trollkunnig, blid i tale, men full av baktankar og nådelaus.

Andre sagatekstar som Historia Norwegia fortel at Gunnhild var dotter av den danske kongen Gorm den gamle og søster til Harald Blåtann. Dette er nok meir i tråd med sanninga, mellom anna på grunn av den støtta Eiriksønene seinare fekk frå Danmark.

Eirik blir overkonge
Då Harald var 50 år gammal, gav han sønene sine kongenamn over ulike deler av landet. Sjølv var han framleis overkonge.

Mynt slått under Eirik Blodøks si tid som "konge av York" (952 - 954) På mynten står "EIRIC REX". Own work by uploader, Foto British Museum

Mynt slått under Eirik Blodøks si tid som «konge av York» (952 – 954) På mynten står «EIRIC REX». Foto British Museum

Då Harald var rundt 80 år, leidde han Eirik Blodøks til høgsetet, gav han makta over heile landet og let han styra riket saman med seg. Eirik blei då overkonge over brørne sine, noko dei slett ikkje kunne lika. Etter at Harald døydde, drap Eirik fleire av brørne sine.

Tilnamnet Blodøks.
Historieskrivaren Agrip fortel at Eirik fekk tilnamnet Blodøks fordi han tok livet av fem brør. Fagrskinna fortel at tilnamnet heng saman med dei vikingferdene han drog på.

Eirik Blodøks har makta på Sør-Vestlandet
Eirik hadde først og fremst makta i Harald Hårfagre sitt kjerneområdet på Vestlandet. Særleg biskop Birkeli trekk fram at Eirik må ha hatt ei særs sterk tilknyting til Avaldsnes.

Eirik Blodøks blir den siste skandiaviske kongen i York
Eirik Blodøks var lite likt av folk i Noreg, og då yngste broren Håkon, kjem heim frå England, flyktar Eirik frå landet. Han dreg over Nordsjøen og herjar mellom anna i Skottland og England.

Til sist gir den engelske kongen, truleg Adelstein, Eirik tilbod om å få Northumbria i len. Eirik takkar ja, og han let seg døypa. Frå Eirik si tid som herskar i Northumbria, er det funne myntar med innskrifta: «Eiric Rex». Eirik skal ha vore den siste skandinaviske kongen i York (Jorvik).

Eirik og Egil Skallagrimson
Medan Eirik og Gunnhild framleis var i Noreg, drap Egil Skallagrimsson ein slektning av Gunnhild. Av den grunn blei det uvennskap mellom han og kongeparet,og før Egil flykta frå landet, drap han ein av sønene deira og reiste ei nidstang mot dei:

Han tok en hasselstang i hånden og gikk ut på en bergnabb, som vendte inn mot land, tok der et hestehode og satte opp på stangen, og mælte:

«Nidstang reiser jeg her,» sa han, «og mot kong Eirik og dronning Gunnhild snur jeg dette nid» – han snudde hestehodet inn mot land; «snur jeg dette nid mot landvettene som dette landet bygger, på det at de alle skal veiville fare, ingen sine hjem finne eller nå, før de har drevet kong Eirik og Gunnhild av landet ut!» :Dermed drev han stangen ned i en fjellrevne og lot den stå der, med hestehodet inn mot land. Han risset runer på stangen, og der stod alle ordene han brukte. Da dette var gjort, gikk Egil ombord. De heiste seil og styrte til havs.(Egils saga)

Då Egil seinare forliste utanfor England, nær Jorvik, blei han ført fram for Eirik som dømde han til døden. Egil redda likevel livet ved å dikta det kjende hyllingsdiktet Hofudlausn.

Når Adelstein døyr, kjem Eirik i konflikt med etterfølgjaren kong Eadred. Eirik fell i eit slag i Stainmoor i 954. Det kan virka som han då var på veg til vikingar i Skottland då dette skjedde.

Sjølv om Eirik let seg døype, er det lite truleg at han blei ein kristen. Fagerskinna fortel at Gunnhild let dikta kvadet Eiriksmål til hans minne. Her blir det fortalt korleis Odin ynskjer Eirik velkommen til Valhall.

Steinkorset på Gard i Haugesund.  Etter lokal tradisjon skal dette korset vera reist til minne om Eirik Blodøks. (Foto Cathrine Glette)

Steinkorset på Gard i Haugesund.
Etter lokal tradisjon skal dette korset vera reist til minne om Eirik Blodøks. (Foto Cathrine Glette)

Hva drøm er dette? (kvad Odin)
jeg tenkte før dag grydde
å rydde Valhall
for falne helter.
Jeg vekket einherjene,
ba dem reise seg,
benker strø,
ølkar vaske,
valkyrjer å bære vin,
etter som høvdingen kom.
fra jorden er meg
hauldar ventet,
noen storgjæve,
gjør mitt hjerte glad. (Omsetting Edvard Erkil. Fagerskinna, Sagabok Forlag, 2008)

Steinkorset på Gard i Haugesund.
Etter lokal tradisjon skal steinkorset på Gard i Haugesund vera reist til minne om Eirik Blodøks. Også biskop Birkeli meinte at steinkorset på Gard kan ha hatt samanheng med Eirik Blodøks og Eiriksønene. Andre, som prof. Knut Helle, meiner dette korset saman med eitt kors på Kvitsøy og tre kors Sogn og Fjordane, blei reiste av Håkon den gode for å markera ein tidleg kristen kongsorganisasjon. Alle desse fem korsa er hogne ut av Hyllestad stein.

Vi veit at det også har stått andre steinkors langs Karmsundet, mellom anna på Storasund på Karmøysida.

Slaget på Blodheia
I 953 kom en dansk/norsk hær leia av Eirik Blodøks sine søner opp Karmsundet. Dei gjekk i land ved Avaldsnes der dei møtte onkelen Håkon den Gode til eit blodig slag mellom dei mange store bronsealderhaugane på staden. Kampen mellom dei to fylkingane varte heilt til Guttorm sitt merke blei slått i bakken, og Guttorm falt. Då hæren til Eirkssønene såg dette, flykta dei mot skipa som låg i Karmsundet. Styrkene til Håkon den gode fulgte etter og felte fleire menn, før dei nådde skipa og la frå land.

Agrip seier at tre av Eirik Blodøks sine søner fall i dette slaget, men Snorre nemner berre Guttorm Eirikson.

Ein av bronsealderhaugane blir framleis kalla Guttormshaugen eller Prinsahaug, fordi folk meinte Guttorm var gravlagd her.

Fordi slaget var så blodig, er denne sletta seinare blitt kalla Blodheia.

Back