Augvald

Tekst: Marit Synnøve Vea

Odin came to Avaldsnes in 998 AD to tell King Olav Tryggvason great and wondrous stories about the past. (Photo Gunnar Strøm)

Ein julekveld i 998 kom Odin til Avaldsnes og fortalde Olav Tryggvason om kong Augvald og andre kongar som hadde levd her. (Foto Gunnar Strøm)

Avaldsnes er fyrst og fremst kjend som kongsgard for Harald Hårfagre, men det var den legendariske kong Augvald som gav namnet sitt til staden. Han skal ha levd ein gong på 600-talet. Det norrøne namnet på Augvald var Ogvaldr. Namnet hans kan tyda ”Den som held folk i age” eller rett og slett ”Kystvaktaren” (av ogd = kyststrekning). Gamle genealogiar fortel at Augvald kunne rekna slekta si tilbake til guddommelege vesen, og han blei ættefar til mange kongar.

I enkelte skriftlege kjelder blir «vordr véstalls”  eller ”ves  valdr”, (den som vaktar og herskar over heilagstaden) nytta som nemning for konge. (Näsström 2001:67)

Det står om kong Augvald i fleire gamle kjelder, beste kjend er Snorre si forteljing i Olav Tryggvasons saga. Der høyrer me at Odin sjølv kjem til Avaldsnes og fortel kong Olav historia om Augvald.

Eit samandrag av historia om kong Augvald
Kong Augvald var son til Rognvald, son til Rugalf, son til Gard Agde som igjen var son til Nor som kom frå Gotland.
Kong Augvald hadde frå fyrst av hovudsetet sitt på Roga i Jøsursheid mellom Rogaland og Telemark. Han var då berre konge over eit område som strakte seg frå Jøsurfjord i Hjelmeland til Brunkeberg og Fyresdal.

Gjennom vellukka sjøslag klarte han å leggja under seg holmrygene sitt land, fordreiv dei tidlegare herskarane her, og slo seg ned på den best egna staden på øya Kormt. Denne staden – Augvaldsnes- har sidan hatt namn etter kong Augvald.

Sagnet fortel at Augvalds to døtre, "Skjoldmøyane", ble gravlagde på Stavasletta. her står framleis steinane som bli reiste over dei. (Foto Marit S. Vea)

Sagnet fortel at Augvalds to døtre, «Skjoldmøyane», blei gravlagde på Stavasletta der dei fall. Her står framleis steinane som bli reiste over dei. (Foto Marit S. Vea)

Ein gong Augvald var på jakt med hirda si, fødde dronninga hans ein son som blei kalla Jøsur. Denne Jøsur blei fostra opp hjå Gunnvald Stordajarl.

Kong Augvald var ein stridhuga kar som jamt for i viking til framande land og vann seg rikdom og ære. Han hadde ei heilag ku som han blota til. Denne kua tok Augvald med seg kvar han énn fór. Nokon seier kua heitte Audhumla og hadde ein gullklave rundt halsen.

Augvald meinte at kua gav han siger, og mjølka hennar gav livskraft og styrke. Ei gammal segn frå Karmøy fortel at Augvald hadde fleire døtre. To av desse døtrene var skjoldmøyar som kjempa saman med far sin i alle slag. (Sjå: Sagnet om kong Augvald og kong Ferking)

«Gudane sin ætling og kongane sin ættefar»
Augvald blir kalla ”gudane sin ætling og kongane sin ættefar”. Skal me tru norrøne opphavsmytar, så kunne Augvald rekna slekta si attende til sjølvaste urjotnen Ymir eller Fornjot som blei skapt saman med urkua Audhumla då verda oppstod i eit møte mellom eld og is.

Augvald blei ættefar til mange namngidde kongar som herska på Avaldsnes etter hans tid. Hjør Halvsson var den siste av Augvald si ætt som var konge på Avaldsnes.

Augvald si slektstave 

Fornjot (Ymir)
Ægir – Kåre (Vind)-   Loge
Frost
Snø
Thorre
 Gor – Nor –             Goe
Gard Agde
Rugalf
Rognvald
Augvald(ca 600 e.Kr.?)
Jøsur
Hjør Jøsurson
Hjørleiv den kvinnekjære
Halv
Hjør Halvson
(Flein Hjørson)
(Hjør Fleinson)
Geirmund og Håmund Heljarskinn
“ Cow's mound”, just above Nordvegen History Center, has received its name because people believed Augvald's sacred cow was buried here. The burial mound is also called

Kuhaugen, like ovanfor Nordvegen Historiesenter, skal ha fått namnet sitt fordi Augvald si heilage ku er gravlagd her. Seinare har den også  blitt kalla Kjellarhaugen, etter at ein bonde rundt 1800 laga ein potetkjellar i haugen. (Foto M. S. Vea)

Augvald blota til ei heilag ku
Augvald hadde ei heilag ku som han blota til. Nokon seier at kua hans heitte Audhumla og hadde ein gullklave kring halsen. Augvald sjølv meinte i alle fall at kua gav han siger og at mjølka hennar gav livskraft og styrke.

Odin kom til Avaldsnes og fortalte om kong Augvald
Skal vi tru Snorre, kom Odin sjølv til Avaldsnes ein julekveld for tusen år sidan og fotalte Olav Tryggvason soga om kong Augvald og den heilage kua hans. Ein annan historieskrivar, Odd munk som levde på slutten av 1100-talet,fortel at Olav etter møtet med Odin gjekk ut og grov i to av gravhaugane på Avaldsnes. I den eine fann han kubein etter Augvald si heilage ku, i den andre fann han mannebein etter kong Augvald.

Augvald gravlagd på Kongshaugen?
Fleire gravhaugar på Avaldsnes er blitt kalla Augvaldshaugen eller Kongshaugen. Lokal tradisjonen seier at høgdedraget Kongshaugen, sør-vest for Olavskyrkja, har fått namnet sitt fordi kong Augvald er gravlagd her. Johan Koren Christie skriv dette i 1842:

Stedet, hvor Augvald blev høisat, har man antaget at være den mellem 3 og 4 hundrede Skridt vestenfor Augvaldsnæs Præstegaardsbygninger beliggende lange, lave Bjergryg, som endnu ofte benævnes Kongshougen, paa hvis Midte findes en Stump af en liden, halvomfalden Bautasten, som kanske aldrig var Bauta, og hvor før lenger syd saaes en Steenring, en Tingkreds, men som Oldtidsmindernes skaanselløseste Fiende Ploven har forstyrret”, (Antiqvarisk-historisk Skitse af Augvaldsnæs. Urda II,1842 s.326.)

Inntil sommaren 2005 kjende me likevel ikkje til nokon gravhaug på dette høgdedraget. Då gjorde Arkeologisk museum nokre prøvegravingar på Kongshaugen. I tillegg til fleire andre graver og gravanlegg, fann dei også ei uopna gravrøys som ser ut til å vera frå folkevandringstid. Kan det vera at Augvald er gravlagd i denne røysa?

Ei heilag ku i Kuhaugen/Kjellarhaugen?
Tradisjonen seier vidare at Augvald si ku er gravlagd i Kuhaugen. Rundt år 1800 laga ein av forpaktarane ein potetkjellar i denne gravhaugen, derfor blir den også kalla Kjellarhaugen. Det heiter seg at då forpaktaren grov ut potetkjellaren, fann han «gullklaven til Augvald si heilage ku», blei fælt rik og kjøpte seg ein gard inne på Nedstrand.

Johan Koren Christe seier mellom anna: « (….) Kohøien maa nu blive at søge etandetsteds, men i Nærheden, og er maaske den – knappe tohundre  Skridt sydenfor Augvaldshøien (Flagghaugen) beliggende overmaade store, nu saakaldte Kjelderhoug, hvori for en del år siden groves en Potetkjelder, ved hvilket Arbeide man paastaar en Bonde, der foretog Gravningen, skal være bliven rig; idetmindste var hans pludselige Overgang fra Armod til velstand etter Kjeldergravningen Folk paafaldende.»  (Antikvarisk historisk tidsskrift, «Urda» 1847)

Christie skriv et Kuhaugen i 1847 framleis var «overmaade» stor, men i ettertid må mykje jord ha blitt tatt frå haugen. Vi trudde lenge at den var heilt øydelag, men sommaren 2000 blei det lagt ei søkesjakt inn i gravhaugen. Arkeologane fann då det som såg ut til å vera ei delvis intakt kjernerøys (”gravkammer”), og arbeidet blei stansa.  I 2012 la Kongsgårdprosjektet ei ny, lita søkesjakt i gravhaugen. Dei fann då ut at Kuhaugen opphavleg ble reist i bronsealderen, men mest sansynlegvis er det også lagt graver inn i haugen i jarnalderen.

Copper alloy facemasks found at Avaldsnes in c. 1800. Drawing by Lyder Sagen in 1812. (Photo: Bergen Museum )

Ca 1800 blei det funne to merkelege bronsemasker og ein forgylt ring på Avaldsnes. Funnet kjem truleg frå Kuhaugen/Kjellarhaugen. Teikna ned av Lyder Sagen i 1812.( Foto Bergen Museum).

Forskarar meiner det var i denne haugen ein rundt 1800 fann to masker av bronse og ein forgylla armring. Funnet blei sendt til «den antiqvariske Commision i Kjøbenhavn», men er nå truleg tapt. Fordi det blei gjort nøyaktige teikningar av dette funnet, og det er omtalt i fleire skriftlige kjelder, så veit me likevel ganske mykje om maskene og halsringen. Kanskje det er denne ringen som i si tid ble omtala som «Klaven til Augvald si heilage ku»? Men om kua sjølv blei gravlagd her, det veit me ennå ikkje. Sjå: To ansiktsmasker og ein ring frå Avaldsnes i Rogaland

Augvald sitt rike i Rogaland og Hordaland
Eit ganske ukjent skrift, Archiv for Skolevæsenets og Oplysnings Utbredelse av Dr. P. Hansen frå 1800, skildrar den geografiske utberinga av Augvald sitt rike. Dr. Hansen opp gir ikkje kjeldene, men han referer fleire gonger til Torfæus, og seier dessutan at han har fått historiske og topografiske opplysningar frå prosten Krogh i Skudenes. Krog skal ha hatt tilgang til mykje historisk materiale som forsvann då prestegarden på Falnes brann i 1842.

Siden har han (Augvald) udbredet sit Herredømme på det øvrige faste Land af Rogaland, efter at have forjaget Karmens og de andre Øers Regentere fra deres Eiendele, så som det var hans Lyst idelig at være i Krig og Vikinge-Tog. På begge sider av Øen, som og af sin Residense, havde han Udløb til Nordsøen, saasom: Hinderager-Vaagen og Vikingstad-Vaagen, udenfor hvilke Færøen og flere Øer ligge. (….)

Til Augvalds Rige henhørte Mosterøen og Storøen, samt af det ganske Land den største del av Fieldberg, nemlig Vige eller Vide Sogn, Aulunds Sogn, Æthne, Vallerstrand og Sveens Sogne. Over den nordre Deel af disse hordelandske Provindser havde han sat Gundvold til Jarl, som opfostrede hans Søn Josur.

Dr. Hansen gjenfortel Halvssaga si beretning om korleis Jøsur Augvaldson blir drepen av Vikar mens han er på gjestebod i Kvinnherrad..…

…..og alt Mandkiønnet som havde grebet til Vaapen for Jøsur blev dræbt; og da ingen af den forbittrede Fiende blev skaanet uden Quinder, fik denne Landstrækning det Navn Qvina, eller Qvindherred. Vikar blev igien skilt ved disse Erobringer af Jøsurs Søn Hior, som efter sin Faders Død blev Konge paa Rogaland, og var en viis og mæktig Regent, som igjen forende Hordaland med Rogaland.

Kan Augvald sitt rike sporast i arkeologien?
Arnfrid Opedal har samanlikna utbreiinga av det «Avaldsnesriket» som Storhaugfyrsten herska over på 700-tlet, med kjeldene som fortel om den geografiske utbreiinga av det riket kong Augvald herska over. Ho finn eit overraskande samanfall.

Utbreiinga av Augvald sitt rike. (A. Opedal: 'Skipsgravene på Karmøy. Kongemakt og kongerike i  en førstatlig tid

Utbreiinga av Augvald sitt rike. (A. Opedal: ‘Skipsgravene på Karmøy. Kongemakt og kongerike i en førstatlig tid». (Ill. S. Iversen)

Grøne område: Område nemnde i samband med kong Augvald.Stadnamna er henta frå dr. Hansen si beretning frå 1799 (Hansen 1800). Geografisk område-avgrensing basert på skipreinndelinga etter etter skattematrikkelen frå 1647.

Raude prikkar markerer stader med sentrale funksjonar på 700-talet.

Les meir om kong Augvald: GLEMTE KONGESLEKTER

Hovedfoto/Illustrasjoner:
Dag Frognes, Ørjan Iversen, Marit Synnøve Vea, O. Værings Eftf.

Back