Flagghaugfyrsten

deler av Flagghaugfunnet utstilt i Nationalmuseet i København. (Foto Marit Synnøve Vea)

Deler av Flagghaugfunnet utstilt i Nationalmuseet i København. (Foto Marit Synnøve Vea)

Tekst Marit Synnøve Vea

Flagghaugfyrsten levde på 200-talet. Han kan ha vore den første av avaldsnesfyrstane som blei kalla konge (GN konungr) eller drott (GN drottinn). I alle fall var han mektigare og rikare enn mange av kongane som seinare budde på Avaldsnes. Vi veit ikkje det rette namnet på Flagghaugfyrsten, men han må ha vore svært kjent i si eiga samtid.

FLAGGHAUGEN – FLAGHAUGEN
Då Flagghaugfyrsten døydde, blei han gravlagt i ein stor haug på Avaldsnes. Haugen var 43 m i diameter og 5 m høg, men den såg enda større ut, slik den låg på kanten av eit høgdedrag. Haugen blei opna i 1834/35. Inne i gravhaugen var det bygd eit kammer av skiferheller. Der låg fyrsten i ei kiste av eikeplankar, omgitt av never.

Den heidenske krinsen av fem bautasteinar som Jomfru Marias Synål var ein del av, kan ha blitt reist på hans tid. Kanskje hadde avaldsnesfyrstane alt på 200-talet postulert si guddommelege avstamming?

SKANDINAVIAS MEST GULLRIKE GRAV FRÅ YNGRE ROMARTID.
Flagghaugefyrsten blei gravlagd med meir gull enn nokon annan fyrste i Skandinavia på denne tida. Med seg i grava hadde han også fått vakre romerske importsaker og våpen.

«RINGENES HERRE»
Flagghaugfyrsten hadde fått ein halsring av gull med seg i grava. Halsringen veg 590 gram. Ringen ber preg av å ha blitt opna gjentekne gonger for å setjast om halsen. Flagghaugfyrsten er den einaste personen vi kjenner her i landet som har fått ein halsring av gull med i grava. Denne halsringen representerer eit statusteikn i særklasse. På Kontinentet er halsringar av gull bare funne i dei aller rikast utstyrte gravene der til og med pilespissane har vore av sølv. Noko lenger ned på rangstigen kom personar utstyrte med armringar av gull, dinest personar med fingerringar.

I grava hans låg også ein stor fingerring av gull. I tillegg var det tre mindre fingerringar av gull i primærgrava. Tre andre stamma frå ei sekundærgrav.

Flagghaugfyrsten er den einaste i Noreg vi veit av som har fått ein halsring av gull med seg i grava. (Foto Ole Jakob Vorraa)

Flagghaugfyrsten er den einaste i Noreg vi veit av som har fått ein halsring av gull med seg i grava. (Foto Ole Jakob Vorraa)

EIN EUROPEISK KRIGARFYRSTE
Avaldsnes var på 200-talet eit politisk senter av øvste rang i Nord Europa. Nokre få tilsvarande rike graver finst i deler av Tyskland og i Aust-Europa. Tette kontaktar med romarane må ha vore avgjerande for den rikdommen som blei Flagghaugfyrsten til del.

WAGNIJO, NITHIJO OG LAGUTHEWA
Kanskje tilhøyrte Flagghaugfyrsten det aristokratiet som sendte ein hær på 1000 mann til Jylland der dei tapte eit slag. Etter slaget blei utstyret deira ofra i ei myr i Illerup, Jylland. Frå runeinnskrifter kjenner vi namn på tre personar frå den militære eliten i denne hæren. Det er Wagnijo, Nithijo og Laguthewa. Kan ein av desse ha vore Flagghaugfyrsten? Eller var han ein av hærførarane sine ætlingar?  Flagghaugfyrsten var i allefall den mektigaste fyrsten langs norskekysten på denne tida.

DEN NYE KRIGARFYRSTEN
Rikdommen og våpna i Flagghaugen viser at noko nytt har skjedd i heile det nordlege Europa.  Nokre få fyrstar er blitt svært mektige. I yngre romartid er det krig og uro nede i Europa. Germanske folkegrupper pressar mot romarriket sine grenser. Flagghaugfyrsten kan ha vore ein nordisk herskar som deltok i desse kampane.

STORE VÅPENOFRINGAR I DANMARK

Fingerring fra Flagghaugen. (Foto Bergen Museum)

Fingerring frå Flagghaugen. (Foto Bergen Museum)

I Illerup, Jylland er det funne mengder av krigsutstyr som blei sundslåtte og ofra i ei myr ein gong på 200-talet. Dei øydelagde gjenstandane er eit taust vitnemål om 1000 krigarar som kom seglande over Skagarak i 50 skip. Dei gjekk i land på Jylland, kjempa eit grufullt slag og blei slått.

Hæren som blei slegen ved Illerup hadde 4 – 10 hærleiarar, 30 – 40 offiserar, og krigarar oppdelte i ryttarkorps, bogeskyttarar, spyd og lanseberarar. Kanskje tilhøyrde Flagghaugfyrsten det aristokratiet som sende denne hæren nedover mot Jylland. Eller kanskje hærleiaren og hærstyrka hans blei nedkjempa ved Illerup då dei var på veg heim etter å ha gjort teneste i den romerske hæren?

FLAGGHAUGFYRSTEN – OFFISER I DEN ROMERSKE HÆR?
Makta og rikdommen vi finn på Avaldsnes i yngre romartid, kan forklarast med at herskarane  her oppnådde kontakt med dei mektige og rike romarane. Dette viser seg i dei kostbare romerske våpna og dei romerske importsakene som blei funne i Flagghaugfyrsten si grav. Korleis kunne så ein fyrste frå Vestlandet i Noreg koma i kontakt med dei mektige romarane?

Det hende at germanske hovdingsøner kunne tene i 10-20 år som høgare offiserar i den romerske hæren. Dei blei opplærte i romersk krigføring, organisering og kultur. Slike germanske offiserar kunne bli sende til fjerne deler av romarriket, før dei drog heim med store rikdommar og mykje kunnskap. Flagghaugfyrsten kan ha vore ein av dei som gjorde teneste i den romerske hæren ein gong på 200-talet. Våpna hans viser at han hadde oppnådd ei svært høg militær rang.

NORD ROGALAND OG SUNNHORDLAND  Distribusjon av yngre romartids gullringar og prestisjegjenstandar som kan  knytast opp mot Flagghaugen. Plasseringa av gjenstandane  viser at herskaren hadde interesse av å ha kontroll over strategisk viktige stader langs kommunikasjon årene. (Etter Endre Elvestad)

NORD ROGALAND OG SUNNHORDLAND
Distribusjon av yngre romartids gullringar og prestisjegjenstandar som kan knytast opp mot Flagghaugen. Plasseringa av gjenstandane viser at herskaren hadde interesse av å ha kontroll over strategisk viktige stader langs kommunikasjonsårene. (Etter Endre Elvestad)

NAUST FRÅ ROMARTID
På Ferkingstad er det funne to båtnaust etter store skip frå yngre romartid. Dei er daterte til ca. 130-260 og 290-320.Det eine naustet er 33m langt, det andre 30.3m. Dei har romma skip som var inntil 30 m lange. Vi kan spekulere på om desse skipa skulle sørover med handelsvarer. Eller romma dei kanskje nokre av skipa som førte angrepsstyrkane mot Illerup?

HANDEL MED ROMARRIKET
Det må ha føregått handel mellom det romerske imperiet og Vest-Noreg på denne tida. Nokre varer frå Noreg kan ha vore viktige for å utstyre dei romerske styrkane som på det meste bestod av 650.000 mann. Flagghaugfyrsten fekk truleg retten til å administrera denne handelen.

RETTEN TIL Å HANDLA MED ROMARANE – EIT PRIVILEGIUM
Retten til å handle med romarane var eit stort privilegium som blei gitt til heilt spesielle herskarar. For å greia dette måtte Flagghaugfyrsten ha eit alliansenettverk av kontaktar med andre fyrstar på Kontinentet.

KRIGARFYRSTEN SOM BLEI FREDSFYRSTE
Flagghaugfyrsten kan ha oppnådd stor makt basert på dugleik i krig og evne til å knytte til seg andre krigarar. Seinare må det ha vore viktig for han og etterkomarane hans å nytta denne makta til å skapa fred og ei legal ordning for å sikra ferdsla og handelen langs kysten. Gravhaugane og bautasteinane som stod langs Karmsundet gjorde denne makta synleg for seglande folk.

For å sikre handelen langs kysten, måtte Flagghaugfyrsten også ha eit nettverk av lojale hovdingar og forbundsfelle i sitt eige omland. Vi ser konturane av eit slikt nettverk i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Her finst det mange graver med gullringar, våpen og luksusgjenstandar. Kanskje var dette Flagghaugfyrsten sine hovdingar og krigarar?

GJESTEBOD OG GÅVEGIVING – VIKTIG FOR ELITEN
I Flagghauggrava låg det vakre, romerske gjenstander til å dekka bordet med. Desse brukte nok fyrsten når han bad til gjestebod. Gjestebod og drikkeseremoniar var svært viktige for eliten. Dei skulle skape alliansar og lojalitetsband mellom fyrsten og andre stormenn som han ikkje var i slekt med. Under gjesteboda blei det også gitt rike gåver som stadfesta desse alliansane. Kostbare gjenstandar frå Romerriket var nødvendig for å halde på makta. Det å ha kontroll med desse praktgjenstandane var å ha kontroll med banda som heldt samfunnet saman.

Slik kan Flagghaugen og dei fem bautasteinane ha sett ut i landskapet.

Slik kan Flagghaugen og dei fem bautasteinane ha sett ut i landskapet.

Olavskirken før restaurering. Flagghaugen til venstre. (Skisse Nils Hertzberg, 1828)

Olavskirken før restaurering. Flagghaugen til venstre. (Skisse Nils Hertzberg, 1828)

NAMNET FLAGGHAUGEN/FLAGHAUGEN
Gravhaugen skal ha fått namnet Flagghaugen/Flaghaugen fordi det stod ei flagstong der i nyare tid. (1) (2) Andre meiner namnet kjem av det norrøne flagð som betyr troll. (3)

Haugen er også blitt kalla Kohougen/Kjyrehougen(4) og Kong Augvalds Høi. Tormod Torfæus er blant dei som gir haugen namn etter Kong Augvald. Torfæus, som døydde lenge før Flagghaugen blei opna, meinte Augvald levde på 200-talet.  Dette til tross for at dei gamle genealogiane plasserer han ein stad mellom 500 og 700 e. Kr. Men mange slektsledd kan forsvinna frå gamle slektsrekker..(5) Og kanskje er det slik at namnet Augvald eigentleg er eit tilnamn som fleire herskarar på Avaldsnes har fått knytt til namnet sitt? (6)

Funnliste frå Flagghaugen

Fotnoter
1. Lars Skadberg, 1950 s. 16.  «Olavskyrkja og Kongsgarden på Avaldsnes». (Nils Sund Forlag)
2. J. K. Christie: Antikvarisk historisk tidsskrift, «Urda» 1847: «Som  man indseer, skriver dette Navn sig fra en paa Høien oppreist Flagstang»)
3. Håkon Reiersen, 2009: The Central Place of the Avaldsnes Area, SW Norway. An Analysis of Elites and Central Functions along Karmsund 200 BC – AD 1000
4. J. K. Christie: Antikvarisk historisk tidsskrift, «Urda» 1847. «For denne sidste Mening taler vel intet, uden en uhjemlet Beretning om, at høien ved Almuen skal være kaldt Kohaugen eller Kjyrehougen. (….) Kohøien maa nu blive at søge etandetsteds, men i Nærheden, og er maaske den – knappe tohundre  Skridt sydenfor Augvaldshøien (Flagghaugen) beliggende overmaade store, nu saakaldte Kjelderhoug, hvori for en del år siden groves en Potetkjelder, ved hvilket Arbeide man paastaar en Bonde, der foretog Gravningen, skal være bliven rig; idetmindste var hans pludselige Overgang fra Armod til velstand etter Kjeldergravningen Folk paafaldende.»
5 .Tormod Torfæus, Historia rerum Norwegicarum, bind 1, (Eide Forlag 2008)
6. Marit Synnøve Vea. 1999.  Den fabelaktige Augvald og hans ætt, Et hus med mange rom. Vennebok til Bjørn Myhre på 60-årsdagen. (AmS-Rapport, 11b , eds. T. Gansum & A. Opedal. Arkeologisk Museum, UiS)

Hoved foto/illustrasjoner:
KIB media, Gunnar Strøm, Bergen Museum, Dag Frognes, Arkeologisk Museum, UiS

Back