Kongshaugen

Tekst Marit Synnøve Vea

Kongshaugen er eit høgdedrag som ligg sør-vest for Olavskyrkja

Kongshaugen er eit høgdedrag som ligg sør-vest for Olavskyrkja

KONGSHAUGEN – DÅPSHAUGEN
Høgdedraget Kongshaugen ligg vest for Olavskyrkja. Namnet kjem av at Augvald, kongen som gav namnet sitt til Avaldsnes, skal vera gravlagd her. Andre har meint at namnet Kongshaugen kjem av at ein kongsgardbygning stod på høgdedraget.

Kongshaugen har eit alternerande namn; Dåpshaugen. Etter lokal tradisjon skal Kongshaugen nemleg ha vore kongsgarden sin tingstad, der Olav Tryggvason i 997 kristna og døypte dei første rogalendingane.

Opp gjennom tidene har det vore ulike teoriar om at kulturminna som låg her kan ha vore etter gravanlegg, bygningar eller ein tingstad. Folk visste at det ein gong hadde stått ein bauta her. Enkelte lausfunn hadde også dukka opp på Kongshaugen. Blant desse var eit «simpelt jarnsverd som udgroves af Tingkredsens Midte» og eit flott hengesmykke av gull frå yngre romartid.

Sjakter på Kongshaugen. Skisse: Henriette Hafsaas og Olle Hemdorff

Sjakter på Kongshaugen. Skisse: Henriette Hafsaas og Olle Hemdorff

Under vårpløyinga på Kongshaugen i 1934, blei det funne steinar som presten Skadberg meinte måtte vera rester etter hus. Same haust kom museumsstyrar Jan Petersen frå Stavanger og gjorde ei kort undersøking på staden. Han konstanterte at steinane mest sannsynleg var restane etter eit gravanlegg, kanskje ei steinrøys av store dimensjonar.

Sjå Kongshaugen på Avaldsnes. ”Arkeologi i nord, 2005” ( Frans-Arne Stylegar)

Geo-radar undersøking 2004
Hausten 2004 blei det gjort ei geo-radar undersøking på Kongshaugen. Radarmålinga viste at det i den sørlige delen var eit område som truleg bestod av steinar. Dette blei tolka til å vera ei menneskeskapt utflating. Denne utflatinga kunne vera fundament til ei bygning. Det blei også påvist noko som kunne vera ei samling av steinar omtrent midt på haugen.

Arkeologiske prøveundersøkingar 2005/2006
I 2005/2006 gjennomførte Arkeologisk museum i Stavanger prøvegravingar på Kongshaugen. I forkant av undersøkingane blei det nytta metalldetektor utan at det då blei funne gjenstandar frå førhistorisk tid. Deretter blei Kongshaugen undersøkt ved hjelp av maskinell søkesjakting.

Undersøkingane avdekka fleire gravanlegg på Kongshaugen. Blant desse var ei uopna gravrøys frå jarnalder, ei båtgrav frå vikingtid og eit stort sirkelforma gravanlegg frå romartid. I dette gravanlegget var det sett inn ei kvinnegrav frå vikingtid. Det blei også funne fleire busettingsspor på Kongshaugen.

Dei tre gravene ligg på ein topp, med god sikt mot Karmsundet og mot mange andre gravminne i området. (Foto Marit S. Vea)

Dei tre gravene i nord ligg på ein topp, med god sikt mot Karmsundet og andre gravminne i området. (Foto Ørjan Iversen)

NORDRE DEL AV KONGSHAUGEN. SJAKT 3
I nordre del av Kongshaugen blei det funne tre graver. Alle gravene synest å vera intakte. Ingen av gravene blei opna. Gravene var ikkje registrerte, men Thomas Kvalevaag (f. 1919) synest å minnast at det låg ein gravhaug som ikkje lenger er synleg, på nordre del av Kongshaugen. (Topografisk arkiv)

Dei tre gravene ligg på ein topp, med god sikt mot Karmsundet. Det er også god sikt mot andre kjente gravminne i området: Flagghaugen, Kjellarhaugen, Rehaugane, Grønhaug, Storhaug, Salhushaugen og Dei Fem Dårlege Jomfruer.

Gravrøys 
På det høgaste punktet blei det avdekka ei låg rundrøys med tverrmål 10 m. Rundt 20 cm torv og dyrkingsjord blei fjerna. Gravrøysa,som for det meste bestod av lokal skiferstein, er frå eldre jarnalder.

In 2005, archaeologists found an unopened burial mound, probably from the Migration Period, north at the King's Height. Perhaps Augvald was buried here? (Photo Ø. Iversen)

Arkeologar undersøkjer båtgrava. (Foto Ørjan Iversen)

Båtgrav
I kanten av gravrøysa blei det funne ei båtgrav. Båtgrava må vera yngre enn gravrøysa, og er truleg frå vikingtid. Nokre av naglane blei funne på ei rekke, som om dei låg langs spanta. Dei færraste av naglane blei påviste med detektor, dvs. det magnetiske jarnet var korrodert bort. Det blei ikkje registrert moderande forstyrringar i båtgrava.

Flatmarksgrav
Like inntil båtgrava blei det funne ei flatmarksgrav. Det blei ikkje funne naglar her, så dette er truleg ei anna form for ubrent gravlegging. Flatmarksgrava er truleg frå tidsrommet 600-900 e. Kr.

SØRE DEL AV KONGSHAUGEN. SJAKT 4
I søre enden av Kongshaugen blei det funne eit sirkelforma gravanlegg med sekundære branngraver og ei vikingtidsgrav. Skriftlege kjelder fortel at det på 1800-talet blei fjerna steinar frå denne steinlegginga. Det blei då funne «eit simpelt jarnsverd». Også Jan Petersen gjorde undersøkingar her i 1934.

Sirkelforma gravanlegg med sekundære branngraver og ei vikingtidsgrav. (Foto Marit S. Vea)

Sirkelforma gravanlegg med sekundære branngraver og ei vikingtidsgrav. (Foto Marit S. Vea)

Sirkelforma gravanlegg – primærgrav frå romartid 
Det sirkulære gravanlegget hadde ein diameter på mellom 17 – 20 m. Hovudanlegget er truleg i frå yngre romartid. Vi reknar med at primærgrava framleis ligg under steinane.

Sekundære branngraver
I søre ytterkanten av det sirkelforma anlegget blei det funne brente bein som vi trur er etter fleire branngraver. Både brente og ubrente graver blei lagde under steinleggingar i romartid (0 – 400 e. Kr).

Når branngravene ligg slik i ytterkanten av gravanlegget, tyder dette på ærefrykt for den personen som blei gravlagd i primærgrava, dvs. den personen som gravanlegget opphavleg blei laga for.

Vikingkvinne i romartidsgrav
Litt vest for midten av steinlegginga blei det avdekka ei sekundærgrav på 1.8 x 0,8 m. Sidan denne grava alt var øydelagd og forstyrra, fekk me lov å undersøka ho skikkeleg. Under undersøkingane i 2005 blei det funne tre glasperler i grava. Under ettergravinga i 2006 fann vi 7 glasperler til. Perlene tyder på at det var ei kvinne som var gravlagd her. Truleg levde ho i vikingtida. Då ho døydde, blei grava hennar lagt inne i eit eldre gravanlegg frå romartid.

Grava til «Kvinna med tordenkilen» låg inne i det eldre  gravanlegget  frå romartid. (Foto: Am, UiS)

Kvinnegrava frå vikingtid låg inne i det eldre gravanlegget frå romartid. (Foto: Am, UiS)

Seinare blei denne kvinnegrava røva. Me veit ikkje når dette skjedde, men på 1800-talet blei det funne eit ”simpelt jernsverd” sør på Kongshaugen. Folk trudde derfor at dette var ei mannsgrav. Nå trur vi at sverdet kan ha vore eit vevsverd brukt av kvinner. Vevsverd av jarn tyder på høg status hos den som er gravlagd.

Tordenkile med trolldomskrefter
I vikinggrava låg det også ei buttnakka grønsteinsøks frå eldre steinalder (9000 – 4000 f. Kr.) Øksa kan ha blitt lagt ned i grava som ei gravgåve eller som ein del av gravleggingsritualet, fordi folk trudde slike økser hadde trolldomskrefter.

Det var særleg i vikingtida folk var «overtruiske» og la steinalderøkser, kalla tordenkilar, i gravene. Dei trudde tordenkilane kom frå lynet som Tor skapte når han kasta hammaren Mjølne omkring i torevêr.

I vikinggrava 10 glasperler og ei  buttnakka grønsteinsøks frå eldre steinalder. (Foto AmS)

I vikinggrava låg det 10 glasperler og ei buttnakka grønsteinsøks frå eldre steinalder. (Foto Terje Tveit, AmS)

Kvifor fekk så kvinna ei «magisk» steinøks med seg i grava? Skulle ho ha øksa med som vern på ferda inn i dødsriket? Eller skulle øksa beskytta dei gjenlevande og sikra at kvinna ikkje gjekk igjen som ein attgangar, eit spøkelse?

Gullbarre på 20 karat
På slutten av undersøkingane blei det på ny brukt metalldetektor over steinlegginga. Det blei då funne ein liten gullbarre under ein stein. Gullbarren vog 1.8 g. Han var 14 mm lang, 4 mm breid og 3 mm tjukk. Barren er ei legering av gull, sølv og kopar. Gullinnhald var på 20 karat.

Gullbarren må ha komen til Kongshaugen med påførte massar sidan steinlegginga ikkje blei dekka med jord før 1840. Gullbarrar er kjende frå depotfunn. Gullbarren vi fann på Kongshaugen, kan opphavleg ha kome frå eit slikt nedgrove depot ein annan stad på Avaldsnes. Kanskje var barren opphavleg råmateriale for ein av gullsmedane som hadde verkstad på Avaldsnes i området ved Kuhaugen?

Den næraste parallellen til gullbarren frå Kongshaugen, er kan hende ein gullbarre frå Fyn i Danmark. Han er datert til 500 e. Kr. Ein annan gullbarre på 18 karat, er funnen på Ferkingstad på Karmøy. Han er datert til romartid/ folkevandringstid (200 – 550 e. Kr).

I 1940 blei det funne eit nydeleg hengesmykke av gull i vestskråninga av Kongshaugen. Hengesmykket er datert til yngre romartid. Dette gullsmykket hadde, liksom gullbarren frå Kongshaugen, eit gullinnhald på 20 karat. Nokon meiner hengesmykket kjem frå eit nedgrave depot, andre meiner det kan koma frå ei øydelagt kvinnegrav på Kongshaugen.

Det var også spor etter fleire bygningar som hadde stått her i ein lengre periode. (Foto Marit S. Vea)

Det var også spor etter fleire bygningar som hadde stått her i ein lengre periode. (Foto Marit S. Vea)

BUSETTINGSSPOR
Frå midt på Kongshaugen og sørover blei det funne stolpehol etter fleire bygningar som me trur ligg i nord-sør retning. Stolpehola tyder på at det har stått fleire hus her gjennom ein lengre periode.

Stolpehola blei ikkje daterte, men sidan det ser ut som bygningane fortset inn under steinlegginga, trur me at dei er eldre enn det sirkelforma gravanlegget.

Sjå:
Avaldsnesprosjektet. Registreringer av Kongshaug og Gloppe 2005, Ams. Henriette Hafsaas

 

KVA VISSTE VI OM KONGSHAUGEN FRÅ FØR?
Utdrag frå eldre artiklar:

Henriette viser fra gullbarren. (Foto Haugesunds Avis) Gullbarre funnet. Haugesunds avis, august 2005

Henriette viser fram gullbarren. (Foto Haugesunds Avis). Gullbarre funnet.

Koren Christie 1842: Antiqvarisk-historisk Skitse af Augvaldsnæs. (Urda II, s. 322-347):
”Stedet, hvor Augvald blev høisat, har man antaget at være den mellem 3 og 4 hundrede Skridt vestenfor Augvaldsnæs Præstegaardsbygninger beliggende lange, lave Bjergryg, som endnu ofte benævnes Kongshougen, paa hvis Midte findes en Stump af en liden, halvomfalden Bautasten, som kanske aldrig var Bauta, og hvor før lenger syd saaes en Steenring, en Tingkreds, men som Oldtidsmindernes skaanselløseste Fiende Ploven har forstyrret”, s. 326.

”Efter Snorre stode da Bautastene, altsaa mindst to, ved Augvalds Grav. Men Spor af mere end en søger man forgjæves paa Kongshougen, og selv dette er usikkert, ligesom helleringen Beskrivelse af denne Houg leder til en saadan Antagelse, idet mindste ikke mig bekjendt. Dersom der da nogetandetsteds nærved findes eller har været at finde de af Snorre omtalte

”Bautastene,” saa har man, ialfald naar ogsaa andre bestyrkende Omstændigheder komme til, Grund til heller at søge Augvaldshøien der, end paa Kongshougen”, s. 327.

”Denne Kongshoug kan nu ifølge det her udledede Resultat ikke bære sit Navn efter Kong Augvald, og det er ved en ren Forveksling af denne og Flaghougen, at Kirkedepartementet i sin vidtudbredte ”Veiledning til at lære at læse Haandskrivt” af Hr. Provst Bruns Fund i Denne slutter til Augvalds Begravelse i hin.

Hvad der paa Kongshaugen er fundet, indskrænker sig næsten alene til et simpelt Jernsværd, som udgroves af Tingkredsens Midte deroppe. Skal her endelig være en Kongegrav, saa er maaske en af Augvalds Ætlinge her jordet”, s. 332.

”Hjør, Hjørleif, eller en af deres Efterkommere kan da være begravet paa Kongshougen, hvis vi endelig skulle søge dens Navn af en Drots Høisættelse her. Men Saadant er vel unødigt; det hidrører rimeligst derfra, at Kongerne, som den for kort Tid siden endnu synlige Tingkreds viser, her holdt Ting, og navnlig vel fra Olaf Trygvesens Tid, da han 997 her paa Tinge christnede Rogalænderne (Rygerne) og døbte dem, hvorfor Kongshougen endnu, som meldt, stundom kaldes Daabshougen”, s. 333.

N. Nicolaysen 1862 – 1866 . (Norske fornlevninger)
«Vestenfor kirken er en naturlig forhøyning kallet Kongshaugen; – og et stykke vestenfor prestegaarden en lav haug, hvorpaa det stod en sterkt hellende bautasten som blev borttagen 1861 – 1863; den stod så dypt nede i jorden, at den måtte slaaes i stykker for at faaes bort.  Likeledes vestenfor prestegaarden oppdagedes 1863, under et tynnt jordlag, en temmelig udstrakt brolegning af firkantede, temmelig store tett sammensluttende stene med den flade side oppad, og saaledes at der, som det syntes, var et dobbelt lag av saadanne stene.»

J. Petersen 1934: Innberetning om reise til Avaldsnes 20-22/11-34. (Topografisk arkiv, AmS)
”Under et opphold i Bergen april d.å. ble jeg av sogneprest Skadberg i Avaldsnes anmodet om å legge veien hjem om Avaldsnes, da man hadde funnet noe som så ut som restene av et hus. Jeg reiste da innom Avaldsnes på tilbakeveien. Det var 12/4.

Her var der vestenfor prestegården en berghøyde dekket med et jordlag, den strakte seg syd-nord og gikk under navnet Kongshaugen. Man hadde pløyet og dyrket der i mange år, og nu holdt man på å pløye igjen. Det så da ut som her lå to rekker av steiner øst-vest, på tvers av høyden, som de kunne danne grunnmurene til langveggene i et hus. Det ble da avtalt at jeg skulle komme tilbake til høsten, når innhøstingen var over og foreta undersøkelse.

Det ble ikke før slutten av november at denne undersøkelse fant sted. Det ble da avdekket et område 20 m.l. og 6 m.b., der ble dog gravet helt til 11 m. i bredde. Her lå ganske tett med steiner i bunnen, men det var ikke mulig å få det til at det kunne ha vært grunnmur til veggene i et hus. Det er derimot mulighet for at her engang har ligget en steinrøys, kanskje en gravrøys. I 1842 skriver J.L. Christie i Urda II om Kongshaugen og sier at her skal ha ligget en steinkreds hvor der var funnet et sverd, men han nevner intet om at her skulle ha ligget et hus. Vi kan sikkert helt slutte at der ingen sannsynlighet er for at der her har ligget noe hus.”

”Det var ikke murene fra kongsgaarden”.  (Dagbladet, 22/11 1934)
”Tirsdag begynte museumsdirektør Jan Petersen arbeidet med aa avdekke en del av Kongshaugen paa Avaldsnes for aa bringe paa det rene om den fremsatte formodning at stensetningene der kunne være rester av murene til Avaldsnes Kongsgaard. Arbeidet blev avsluttet igaar.

Museumsdirektøren oplyser en av vaare medarbeidere at der ved undersøkelse som er foretatt er avdekket omkring 100 kv.meter av Kongshaugen, og der viser sig sten like op i dagen over hele dette areal. Der er dog ingen antydning til murer. Det hele ser noksaa rotet ut og dette kommer vel av at plogen har gaatt over jordet, at der er blitt arbeidet med jorden, og at man har kjørt bort sten derfra gjennem tidene. Det er idetheletatt vanskelig aa si hvad dette kan være, uttaler direktøren, men det er mulig at det er rester av en bronsealderstenrøis.”

Sist oppdatert november 22

Back